Hopp til innhald

Fagstoff

Innsamling av kvalitative data

Korleis kan du samle inn informasjon? I kvalitative forskingsprosjekt kan du intervjue, observere eller analysere dokument og tekstar som finst frå før. Det er først når du rører deg utanfor klasserommet og studerer korleis samfunnet faktisk ser ut, at forskingsprosjektet startar for alvor.

Jente med skjema vender seg til ein mann. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis kan det opplevast å leve i eit heilt anna miljø? Kva vil du finne ut når du spør eller observerer folk som er heilt ulike frå deg sjølv? Noko av det mest spennande med eit forskingsprosjekt er å gå ut i samfunnet og finne ut korleis det faktisk ser ut.

Ei vitskapleg undersøking av samfunnet er basert på ei systematisk innsamling av opplysningar og informasjon. Dei opplysningane, kjensgjerningane, meiningane eller observasjonane du samlar inn, blir kalla data. Du kan samle inn data på fleire ulike måtar, og du kan òg kombinere dei ulike innsamlingsmetodane.

Forskingsetikk

Når du skal samle inn data, må du hugse på at:

  • Du må behandle deltakarane med respekt og til dømes akseptere at dei ikkje ønskjer å svare på enkelte spørsmål.
  • Du bør unngå å spørje om sårbare tema som til dømes seksuelt misbruk og vald i nære relasjonar.
  • Dei som deltek skal vere anonyme, og svara deira skal behandlast konfidensielt.

Kvalitative metodar

Intervju

I eit intervju stiller du spørsmål. Ofte kan det vere ein god måte å samle inn fyldige og detaljerte skildringar om meiningar, haldningar og erfaringar. Du kan stille oppfølgingsspørsmål undervegs og be informantane utdjupe viktige og relevante erfaringar. Ei utfordring kan likevel vere at du som intervjuar påverkar svara du får, og at du ikkje får god nok kommunikasjon med dei du snakkar med.

Formelle og uformelle intervju

Eit kvalitativt intervju kan vere meir eller mindre formelt.

  • I eit formelt intervju har du på førehand bestemt kva tema og informasjon du er på jakt etter og gjort klart konkrete spørsmål.
  • Eit uformelt intervju liknar meir ein vanleg samtale og kan gå føre seg nesten kvar som helst. Denne forma for intervju kan skape ei meir avslappa og trygg stemning og gjere det lettare for informantane å opne seg opp.

Det kan opplevast trygt for den du intervjuar å snakke éin til éin, men det finst òg tilfelle der du kan intervjue fleire personar samtidig. Når du samlar ei gruppe informantar til ein samtale der dei fortel, diskuterer eller deler erfaringar om eit bestemt tema, kallar vi det eit fokusgruppeintervju. I slike intervju kan du ha ei meir tilbaketrekt rolle, og det kan vere lettare for nokre informantar å dele erfaringar.

Tips til intervju

  • Avtal intervjuet på førehand.
  • Start gjerne med enkle spørsmål.
  • Still korte spørsmål som er lette å forstå.
  • Ikkje still fleire spørsmål på ein gong.
  • Ikkje still leiande spørsmål.
  • Ver ein interessert lyttar.
  • Observer kroppsspråket til informanten.
  • Forsøk å skape ei trygg og hyggjeleg stemning.
  • Be gjerne informantane utdjupe svara sine.
  • Bruk gjerne problemstillinga til å lage ein intervjuguide, ei hugseliste med tema og spørsmål, men ikkje følg han slavisk.
  • Still oppfølgingsspørsmål viss det dukkar opp noko interessant.
  • Ta opptak av samtalen eller noter undervegs.
Portrettbilde av sosiologen Kathrine Fangen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Deltakande observasjon

I deltakande observasjon samlar du informasjon ved å sjå og høyre på personar og registrere kva dei seier og gjer i ulike situasjonar. Fordelen med deltakande observasjon er at du er til stades i folk sin kvardag og ser kva dei faktisk seier og gjer i det naturlege miljøet sitt. Ulempene er at det kan vere vanskeleg å få innpass, aksept og tillit i eit miljø. Som deltakar og observatør kan du òg vere med på å påverke korleis folk oppfører seg.

Viss du skal bruke deltakande observasjon, må du først avgjere kva stader og situasjonar du ønskjer å observere, og kva du vil fokusere på. Du må òg avgjere om det er mest formålstenleg å stå på utsida eller bli ein del av miljøet du observerer. Det kan vere lettare å få ei djupare forståing av det miljøet du observerer viss du deltek aktivt, men det kan bli vanskelegare å halde oppe ein kritisk distanse til informantane. Det kan òg by på forskingsetiske utfordringar å involvere seg for sterkt.

Du må òg bestemme om det er mest formålstenleg å observere og dokumentere alt som skjer i ein situasjon eller undersøkje nokre spesielle faktorar. Viss du har eit breitt perspektiv og dokumenterer alt som skjer, kan det vere lettare å få eit overblikk. Viss du fokuserer på nokre spesielle faktorar og til dømes prøver å finne svar på nokre heilt bestemde spørsmål, kan det vere lettare å gjennomføre observasjonane i praksis.

Tips når du observerer
  • Bruk problemstillinga til å avgjere når du skal observere og kva posisjon eller synsvinkel du vil observere frå.
  • Bruk problemstillinga til å tenkje gjennom kva du vil fokusere på når du observerer.
    • Kva som blir sagt? Enkelte samtaletema?
    • Korleis noko blir sagt? Tonefall? Slang?
    • Handlingar?
    • Kroppsspråk og fysisk plassering?
    • Klesstil, hårsveis, sminke og andre personlege gjenstandar?
    • Omgivnader?
  • Ver open for overraskande observasjonar.
  • Forsøk å forstå situasjonane frå perspektivet til dei du observerer.
  • Dokumenter observasjonane skriftleg eller ved lyd-/filmopptak.
  • Viss det er formålstenleg, kan du lage eit strukturert observasjonsskjema.
Dokument i mange mapper. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dokumentanalysar

Det finst mange ulike tekstar du kan bruke til å studere samfunnet. Ikkje berre bøker, men også videoar, internettsider, bloggar, sosiale medium eller offentlege dokument kan vere nyttige kjelder. Desse kjeldene kan gi deg viktig og lett tilgjengeleg informasjon om sider ved samfunnet som det elles kan vere vanskeleg å studere.

Ulempa med dokumentanalysar er at perspektivet ditt kan vere med å farge tolkinga og utveljinga av relevante tekstar. Det kan òg vere utfordrande å forstå heile konteksten i teksten.

Tips til dokumentanalysar
  • Bruk problemstillinga til å finne relevante tekstar og avgjere kva du vil fokusere på i innhaldsanalysen.
  • Gjer ei kjeldekritisk vurdering av tekstane.
    • Er kjelda relevant?
    • Er kjelda ekte? Kven står bak?
    • Er kjelda truverdig? Er det skrive for å fremje bestemde interesser?
  • Analyser konteksten og meininga i teksten.
    • Kven eller kva er tekstane representative for? Representerer dei berre forfattaren eller ei gruppe eller organisasjon?
    • Kva var intensjonen og bodskapen til forfattaren?
    • Korleis blei teksten forstått av mottakarane?
    • Kva bakgrunn hadde avsendar og mottakar?
    • I kva situasjonar blir disse tekstane utforma og formidla?

Relatert innhald

Tips til korleis du kan bruke ulike typar dokument som empirisk materiale.

Kjelder

Andersen, G. (2008). Innsamling og bearbeiding av empiri. Henta frå https://holbergprisen.no/nb/holbergprisen-i-skolen/3-innsamling-og-bearbeiding-av-empiri

Fangen, K. (2004). Deltakende observasjon. Bergen: Fagbokforlaget.

Grønmo, S. (2004). Samfunnsvitenskaplige metoder. Bergen: Fagbokforlaget

Johannessen, A.,Tufte, P.A., Christoffersen, L. (2016). Introduksjon til samfunnsvitenskaplig metode (5 utg.) Oslo: Abstrakt forlag

Mjølvêr, K. (2014). Forsking for forskerspirer. Henta frå https://holbergprisen.no/sites/default/files/2019-11/forskning2<n><acr>0for2<n><acr>0forskerspirer2<n><acr>02019_ALT_mindre.PDF

Schiefloe, P.M. (2019). Mennesker og Samfunn (3. utg.) Oslo: Vigmostad & Bjørke

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 09.10.2020

Læringsressursar

Kvalitativ metode