Hopp til innhald
Fagartikkel

Ulike typar observasjon

Observasjon er ein sentral sosialantropologisk metode. Vi skal her sjå på ulike typar observasjon, og du skal lære at det er viktig at observasjonen blir godkjend.

Observasjonen må godkjennast

Sjølv om det høyrest ut som ein metode ein kan utføre utan vidare, kan ein likevel skilje mellom akseptabel og ikkje-akseptabel observasjon: open og skjult observasjon.

Skjult observasjon er feltarbeid eller undersøkingar der vertskap og forskingsobjekt ikkje er klar over at ein studerer dei. Denne typen observasjonar er vanlegvis ikkje godtekne i det antropologiske miljøet. Ein av grunnane er at antropologar ikkje skal gi seg ut for å vere noko anna enn kva dei er. Det handlar med andre ord om forskingsetikk. Forskingsobjekta har rett til å nekte å bli utsett for studium.

Forskaren må derfor innhente samtykke. Vertskapet skal både vite om og ha godkjent undersøkinga. Når det er gjort, utfører ein såkalla open observasjon.

Vi kan vidare dele observasjon inn i fleire underkategoriar, men vi skal fokusere spesielt på to former for observasjon: deskriptiv og fokuserte observasjonar. Kva trur du desse metodane inneber?

Deskriptiv observasjon

Nokre gonger er det nødvendig for antropologen å skaffe seg eit overblikk over ein bestemd situasjon eller eit bestemt samfunn. Då må ein prøve å observere med eit breitt perspektiv. Dette kallar vi for deskriptiv observasjon.

Forskarar som utøver deskriptiv observasjon, ønskjer å dokumentere alt som skjer i ein viss sosial situasjon. Det betyr at antropologen ikkje nødvendigvis går til ein situasjon med spesifikke problemstillingar eller spørsmål. Målet er av ein meir generell art, der hensikta er å skaffe seg eit overblikk over den situasjonen ein er interessert i. Dette inneber at deskriptiv observasjon stort sett går ut på å få med seg så mykje som mogleg.

Fokuserte observasjonar

Fokuserte observasjonar handlar om å gå frå å observere heilskapen til å sjå etter noko spesifikt. Det dreier seg med andre ord om å undersøkje nokre spesielle faktorar som kan gi eit grundigare bilete av den situasjonen antropologen studerer.

For å utføre denne typen observasjonar, må du først lage nokre spørsmål knytte til det du skal sjå etter. Dersom vi går tilbake til den første gruppa du observerte, kan eit slikt spørsmål til dømes vere: "Kven er leiaren i gruppa?", "Er det andre roller i gruppa?", "Kva tema snakkar dei om?" eller "Kva er årsaka til at dei sit der dei sit?".

På denne måten blir det lettare å gjennomføre dei fokuserte observasjonane, nettopp fordi du har planlagt kva du skal sjå etter. Før du set i gang, kan det òg vere lurt å finne ein utkikspost som gir deg den beste oversikta over situasjonen.