Hopp til innhald

Fagstoff

Forskingsutval i kvalitative forskingsprosjekt

Kven skal du få informasjon frå når du forskar? Kva resultat du kjem fram til, er avhengig av kven du spør. Det er fleire ulike måtar å velje ut kven du skal intervjue eller observere i eit kvalitativt forskingsprosjekt, og dei ulike metodane har styrkar og svakheiter.
Smilande menneske i ein ring mot kamera. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kven skal du velje ut til å delta i ei undersøking, og korleis skal du finne fram til dei? Viss du til dømes ønskjer å studere asylsøkjarar, kan du ikkje snakke med alle asylsøkjarar som har komme til Noreg. Du må velje ut nokon og gjere eit utval. Det er fleire ulike måtar å velje eit utval til eit kvalitativt forskingsprosjekt, og det er først og fremst problemstillinga di som bestemmer kva metode som eignar seg best.

Utval i kvalitative forskingsopplegg

I kvalitative metodar vel ein som regel strategisk utveljing. Det vil seie at ein ut frå ei fagleg vurdering vel ut eit avgrensa tal personar eller einingar som relevante og interessante for undersøkinga. Du må derfor vere på utkikk etter døme som på ein god måte kan gi deg informasjon om problemstillinga di.

Når du bruker strategisk utveljing, kan du både velje ut typiske tilfelle på det du vil undersøkje eller meir ekstreme tilfelle som kan setje problemstillinga di på spissen. Viss du til dømes vil studere eit rånemiljø, kan du både velje personar som på ein veldig openlys måte identifiserer seg som rånarar, heilt vanlege medlemmar og personar som oppheld seg meir i utkanten av miljøet.

Viktige fagomgrep
Einingar:
Det undersøkingsobjektet du samlar informasjon om i undersøkinga. Det er ofte personar, men kan òg vere organisasjonar, land, haldningar eller handlingar.
Informantar:
Dei personane du intervjuar eller snakkar med i kvalitative undersøkingar.
Populasjon/univers:
Alle dei personane eller einingane ein ønsker å seie noko om i undersøkinga, til dømes ungdom i Noreg.
Utval:
Dei personane eller einingane som faktisk deltek i undersøkinga.
Strategisk utveljing:
Utvalet byggjer på systematiske vurderingar av kva einingar i universet som ut frå teoretiske og analytiske formål er mest relevante og interessante å inkludere i undersøkinga.
Sannsynutveljing:
Utvalet blir trekt tilfeldig, og alle einingane i universet har derfor ei lik moglegheit for å komme med i utvalet.

Utvalsstorleik

Kor mange personar eller einingar treng du å velje ut? I kvalitative forskingsprosjekt vel ein ofte ganske få personar til undersøkinga. Utvalet må berre vere stort nok til å belyse problemstillinga di på ein god måte.

Forskingsetikk

Når du vel kven du skal forske på, må du hugse på at:

  • Deltakinga skal vere frivillig, og dei som deltek kan når som helst kunne trekke seg frå undersøkinga.
  • Dei som deltek må vite kva slags undersøking dei skal vere med på og gi informert samtykke.
  • Sjølv om du berre observerer, har dei du observerer rett til å vite at dei deltek i ei undersøking og få moglegheita til å ikkje vere med.

Les meir om informert samtykke i ein artikkel frå NDLA.

En gruppe ungdommer går og snakker. En annen gruppe ungdommer står i en gang og snakker sammen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Strategisk utveljing

Når du bruker strategisk utveljing, vel du ut dei informantane som er godt tilpassa problemstillinga di. Det kan vere personar som deler bestemde eigenskapar, tilhøyrer eit bestemt miljø, har eit spesielt yrke eller bur i eit bestemt område.

Ein fare ved strategisk utveljing er at du får tak i personar som tilhøyrer heilt spesielle nettverk og miljø. Dette er ikkje noko du alltid kan unngå, men det er viktig at du er klar over skeivskapane og tek det med når du skal drøfte resultata.

Slumpmessig utveljing

Her vel du ut dei som tilfeldigvis er på ein bestemd stad til ei bestemd tid. Du kan til dømes velje å intervjue dei som tilfeldigvis sit i kantina på skulen klokka to på ettermiddagen. På denne måten kan du lettvint finne fram til deltakarar. Du må likevel hugse på at det kan vere spesielle grunnar til at akkurat desse personane sit i kantina då, og det kan føre til eit skeivt utval.

Kvoteutveljing

Her vel du først ut eitt eller fleire spesielle kjenneteikn ved dei du ønskjer å ha med i undersøkinga. Deretter bruker du desse kjenneteikna til å velje ut kven som skal vere med. Viss du til dømes ønskjer å studere kjønnsforskjellar, kan det vere viktig å ha med like mange gutar og jenter i undersøkingar. Basert på kjenneteiknet kjønn vel du derfor ut to like store grupper, éin del eller kvote med gutar og éin del eller kvote med jenter.

Utveljing ved sjølvseleksjon

Her vel du ut dei som har lyst til å delta i undersøkinga og melder seg frivillig til å vere med. Du kan til dømes setje opp ein plakat på skulen og be om frivillige. På denne måten kan du finne fram til personar som er motiverte til å delta og gjerne er interesserte i tema.

Denne metoden gir deg likevel mindre kontroll over kven som vel å vere med og ikkje. Det kan òg føre til skeivskapar ved at du berre får med dei som er veldig motiverte til å delta.

Snøballutveljing

Her ber du den første deltakaren i undersøkinga forslå eit par andre aktuelle personar som kan vere med. Dei nye personane du får tak i, forslår deretter andre aktuelle personar, og slik kjem du i kontakt med fleire og fleire. Viss du forskar på bruken av hijab, kan du først finne ein som bruker hijab og spørje henne om ho kjenner andre som bruker hijab som du òg kan snakke med.

Denne metoden kan hjelpe deg å komme i kontakt med folk som har spesiell kunnskap, bestemde eigenskapar eller tilhøyrer eit visst miljø. Samtidig har du sjølv avgrensa kontroll og oversikt over kven som blir med, og du risikerer å finne fram til personar som tilhøyrer eit heilt spesielt nettverk.

Kjelder

Fangen, K. (2004) Deltagende observasjon. Bergen: Fagbokforlaget.

Grønmo, S. (2004) Samfunnsvitenskaplige metoder. Bergen: Fagbokforlaget

Grønmo, S. (2020, 3. januar) Enhet. I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/enhet_-_forskningsmetode

Grønmo, S. (2020, 22 mai) Utvalg. I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/utvalg

Schiefloe, P.M. (2019) Mennesker og Samfunn (3. utg.) Oslo: Vigmostad & Bjørke

Relatert innhald

Det er viktig at forskningsobjekta har godkjent at samfunnsforskaren både kan observere, ta notat og publisere eventuelle funn om dei.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 21.10.2020

Læringsressursar

Kvalitativ metode