Hopp til innhald

Fagstoff

Analyse og drøfting av kvalitative data

Formålet med ein analyse er å få ei betre forståing av eit sosialt fenomen. Ved å ordne materialet du har samla inn kan du finne mønster og regelmessigheiter. Gjennom å drøfte resultata ved hjelp av teori og tidlegare forsking kan du tolke dei ut frå fleire ulike perspektiv.
To elevar, ei jente og ein gut, jobbar saman på ein datamaskin i eit klasserom. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Analyse og drøfting i kvalitative forskingsprosjekt

I eit kvalitativt forskingsprosjekt vil dei forskingsdataa du har samla inn, bestå av tekstar, observasjonar eller lyd og filmopptak. Når du skal analysere det materialet du har samla inn, startar du gjerne med å forenkle og samanfatte innhaldet i desse tekstane. Deretter kan du ordne og kategorisere innhaldet og leite etter fellestrekk og mønster. Du bør òg bruke tidlegare forsking og relevant teori til å diskutere det du har komme fram til frå fleire ulike sider.

I eit kvalitativt forskingsprosjekt skjer ofte analysen av data samtidig med datainnsamlinga. Du treng derfor ikkje vente med analysen til etter at du har samla inn alt materialet. Etter kvart som du analyserer svara eller observasjonane, kan du endre på problemstilling, fokus i observasjonane og spørsmåla du stiller i intervjua. Ein av dei store fordelane med den kvalitative metoden er at du kan tilpasse kartet til terrenget undervegs i undersøkinga.


Forskingsetikk

  • Dei som deltek skal vere anonyme. Det skal derfor ikkje vere mogleg å kunne identifisere enkeltpersonar.
  • Observasjonar og svar skal behandlast konfidensielt. Du kan ikkje lagre observasjonar og svar saman med reelle namn. Bruk i staden fiktive namn, pseudonym eller dekknamn.
  • Svara og observasjonane du samlar inn, må du gi att objektivt, nøytralt og presist. Du må ikkje utelate viktig informasjon, forfalske svar eller observasjonar, eller prøve å tilpasse materialet ein bestemd konklusjon.
Person pusler. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Analyse av data

Det finst ulike måtar å analysere kvalitative data, og det er først og fremst problemstillinga di som bestemmer korleis du skal gå fram, og kva du skal sjå etter. I starten kan det ofte vere lurt å lese gjennom og gjere deg kjent med datamaterialet. Deretter kan du forenkle og samanfatte innhaldet i materialet for å få ei betre oversikt.

Når du får ei betre oversikt over materialet, kan du lettare sjå mønster og generelle tendensar. I denne prosessen kan du gjerne plukke ut enkelte sitat som på ein god måte illustrer det du har funne ut. Det kan vere sitat som er typiske for mange av intervjua eller observasjonane, eller sitat som på ein tydeleg måte skil seg ut. Dette er sitat som du òg vil få bruk for når du skal presentere forskingsprosjektet seinare.

Ein framgangsmåte for å forenkle og få oversikt over materialet er å kode det. Når du kodar, finn du fram til viktige kategoriar og nøkkelord som kan beskrive ulike delar av materialet. Kategoriane og nøkkelorda blir kalla kodar, og det er problemstillinga di som bestemmer kva kodar du skal bruke. Det kan til dømes vere viktige tema, personar, hendingar, handlingar eller årsaker.

Døme på kodeskjema om rusmiddelbruk blant ungdom:

Kategoriar (årsaker til rusbruk)

Nøkkelord frå materialet

Sitat frå materialet

Nysgjerrigheit

"Forteljingar frå andre", "Finne ut sjølv"

"Dei andre snakka så mykje om det, så eg fekk lyst til å prøve." "Ville vite korleis det var."

Miljøet

«Vennene spør», «Utanfor», «Ein av gutane»

"Det var nokon av gutane som starta, så blei alle med. Eg hadde ikkje lyst til å seie nei når dei andre spurde. Alle gjorde det. Kvifor skulle eg vere den einaste som ikkje blei med? Ville ikkje vere utanfor. Ville vere ein av gutane. "

Rusen

«Herleg kjensle»

"Første gong eg prøvde. Det var skikkeleg herleg. Vi fekk latterkrampe og alt var skikkeleg kult."

Dette er eit døme på kodeskjema for ei undersøking om rusmiddelbruk. Problemstillinga i undersøkinga er: Kva er årsakene til illegal rusmiddelbruk blant ungdom? Basert på fem djupneintervju med ungdom har forskaren først funne fram til nokre viktige nøkkelord og sitat som samanfattar viktige delar av materialet. Ut frå desse nøkkelorda og sitata har forskaren deretter komme fram til tre kategoriar med årsaker til rusmiddelbruk (nysgjerrigheit, miljøet, rusen). Desse kategoriane blir til slutt brukte til å lage eit skjema der dei ulike nøkkelorda og sitata som forskaren har samla inn, kan sorterast.

Illustrasjon av menneske med dialogbobler i ulike fargar over hovuda.

Drøfting

Når du analyserer, tolkar du materialet på ein bestemd måte. Det er viktig at du grunngir tolkinga di med det tekstmaterialet du har samla inn. Samtidig vil det alltid kunne finnast andre moglege tolkingar av det same materialet. For å få ei best mogleg forståing av det fenomenet du forskar på er det derfor viktig at du drøftar tolkingane dine og utforskar alternativ. Spør deg sjølv om det kan finnast andre forklaringar og diskuter desse ulike tolkingane opp mot kvarandre.

Viss du til dømes undersøkjer kroppspress blant ungdom, kan det hende at informantane dine seier at dei i stor grad møte dette kroppspresset på sosiale medium. Det kan ein tolke som om sosiale medium skaper eit overdrive fokus på kropp hos ungdommar. Ei alternativ tolking er at ungdommane sjølv oppsøkjer sosiale medium og bruker dei aktivt til å kommunisere kroppsfokuserte bilete. Det treng derfor ikkje vere dei sosiale media i seg sjølve som skaper kroppspress.

Ei drøfting består likevel ikkje berre av at du kjem med argument for og imot ei bestemd tolking. Du må òg vege dei ulike tolkingane opp mot kvarandre for å finne ut kva for ein av dei som fortel mest og veg tyngst.

Det er òg viktig at du drøftar moglege feilkjelder ved det du har funne ut. Kan utveljinga av informantar, spørsmåla du stilte, eller måten du observerte på ha påverka resultata av undersøkinga på ein bestemd måte? Kan det til dømes hende at nokon informantar har misforstått spørsmåla eller loge? Kan det vere nokon feilkjelder i måten du registrerte og analyserte materialet, noko du kanskje har misforstått eller ikkje fått med deg?

Bruk av teori og forsking

Når du analyserer og tolkar forskingsmaterialet ditt, kan du òg trekkje inn relevant teori og forsking. Ulike teoriar kan hjelpe deg å oppdage nye sider i forskingsmaterialet ditt og gjere det lettare å diskutere resultata dine frå fleire ulike vinklar. Det kan òg vere interessant å trekkje inn tidlegare forsking på det temaet du undersøkjer. Då kan du til dømes peike på likskapar og forskjellar mellom dei svara og observasjonane du har samla inn og tidlegare forsking.

Relatert innhald

Kjelder

Andersen, G. (2008). Analyse og tolking av det empiriske materialet. NDLA. Henta frå https://ndla.no/nn/subject:14/topic:1:186530/topic:1:70510/resource:1:57135?filters=urn:filter:80f10045-2faa-4f6f-be0f-4c7ec9618186

Eriksen, T.H. ( 2010). Små steder - store spørsmål. Innføring i sosialantropologi. Oslo: Universitetsforlaget.

Grønmo, S. (2004). Samfunnsvitenskaplige metoder. Bergen: Fagbokforlaget.

Mjølvêr, K. (2014). Forskning for forskerspirar. Henta frå https://holbergprisen.no/sites/default/files/2019-11/forskning2<n><acr>0for2<n><acr>0forskerspirer2<n><acr>02019_ALT_mindre.PDF

Schiefloe, P.M. (2019). Mennesker og Samfunn (3. utg.) Oslo: Vigmostad & Bjørke.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 05.11.2020

Læringsressursar

Kvalitativ metode