Hopp til innhald

Fagstoff

Dokumentstudiar

I eit forskingsarbeid kan ulike typar dokument vere aktuelt å bruke som empirisk materiale. Dokument kan vere alt frå bøker og brev til YouTube-filmar.
Brev fra arbeiderne ved Røros Kobberverk til Norges kansler Ove Bjelke. Scannet kilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ulike typar dokument

Når vi snakkar om dokumentstudiar brukar vi omgrepet dokument i ei ganske vid tyding. Det omfattar mellom anna:

  • bøker av alle slag
  • internettsider
  • aviser
  • Tv-program
  • historiske kjelder: brev, kyrkjebøker, munnlege forteljingar, lyd- og biletopptak
  • offentlege dokument, til dømes stortingsmeldingar og referat frå stortingsdebattar

Dokument kan anten brukast i kombinasjon med andre innsamlingsmetodar, eller som einaste kjelder. Det avgjerande er at dokumenta kan gi dykk svaret på det de vil undersøkje.

Kvantitativ og kvalitativ dokumentanalyse

Dokument kan analyserast både kvalitativt og kvantitativt. Kvantitative analysar av dokument inneber at vi tel ein eigenskap ved dokumenta, for eksempel førekomsten av bestemte ord, eller kor ofte dokumentet blir brukt som kjelde i avisartiklar. Kvalitative analysar handlar om at forskaren tolkar meiningsinnhaldet i det som blir sagt eller skrive.

Ved dokumentanalyse er det viktig at vi har eit medvite forhold til

  • kven som har skrive eller produsert dokumentet
  • kven mottakaren er meint å vere
  • kva som er formålet med dokumentet

Desse forholda verkar inn på korleis materialet bør lesast og korleis det kan brukast for å belyse problemstillinga.

Internett er blitt ei utømmeleg kjelde til alle slags dokument. Både aviser og TV-kanalar legg ut mykje av stoffet dei produserer på nettet, og de kan finne svært mange offentlege dokument via heimesidene til kommunar, fylke, departement og så vidare.

Tips!


Nasjonalbiblioteket si søkjeteneste NB N-gram gjør det mogleg å finne og samanlikne ordfrekvensar, til dømes når og kor ofte ord finst i bøker og aviser i eit historisk perspektiv.

NB N-gram er førebels berre ein betaversjon som dekkjer tidsrommet 1810 til september 2013.

NB N-gram

Søk til dømes på ord som

  • lønnsoppgjer
  • regjeringskrise
  • feminist
  • barnehage
  • cupfinale
  • askefast
CC BY-NC-SASkrive av Gisle Andersen. Rettshavar: Holbergprisen i skolen
Sist fagleg oppdatert 15.04.2020

Læringsressursar

Dokumentstudiar og innhaldanalyse