Hopp til innhald

Fagstoff

Mangfald i Sápmi

Er samiske område like, eller er det snarare snakk om eit mangfald av levesett, språk, yrke og busetjing? Kva trur du?
Ei samisk kvinne med kufte og eit barn med kufte og pesk i framgrunnen, reinsdyr på snødekt vidde i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Særeigne trekk?

Vi har ofte lett for å tenkje at ei folkegruppe består av menneske som alle deler dei same særeigne trekka. Det er ein naturleg tanke. Verda består jo av eit hav av ulike menneske, folkegrupper, kulturar og levesett. Til tider kan det heile verke ganske så uoversiktleg. Derfor er det greitt å kunne skape orden i det tilsynelatande kaoset.

Denne tankegangen har på mange måtar òg påverka korleis andre tenkjer om det samiske urfolket. Ein kan lett hamne i fella med å gå ut frå at alle har rein og bur på Finnmarksvidda. Dersom vi kastar eit meir granskande blikk på den samiske befolkninga, vil vi likevel raskt finne ut at realiteten er ein annan. Blant samane finst det like mykje mangfald og skilnader som i Noreg elles.

Språkleg mangfald

Her kan vi byrje med å understreke at samane er eitt folk som bur i fire nasjonalstatar: Noreg, Sverige, Finland og Russland. Denne geografiske spreiinga har betydning for det samiske språket. Det faktumet at namnet på det samiske landet blir skrive på tre ulike språk (Sápmi/Sábme/Saepmie), er ein klar peikepinn på at dei samiske samfunna er prega av eit språkleg mangfald. I Noreg finst det tre offisielle samiske språk, nemleg nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk. Alle språka er anerkjende som særeigne språk og står faktisk lengre frå kvarandre enn norsk, svensk og dansk. Det er med andre ord ikkje gitt at ein som snakkar nordsamisk, forstår alt som blir sagt på sørsamisk.

Språka er heller ikkje likestilte. Nordsamisk står i ei heilt anna stilling enn lulesamisk og sørsamisk. Både lulesamisk og sørsamisk blir klassifiserte som alvorleg trua språk, og sjølv om nordsamisk står sterkare enn dei to andre språka, er det òg rekna som eit trua språk.

Det finst endå fleire samiske språk, og alle er anten på randa av utrydding eller blir berre snakka av eit fåtal menneske. I Noreg er det snakk om skoltesamisk og pitesamisk, mens i Sverige er det unesamisk, i Finland er det enaresamisk, og det gjeld kildinsamisk i Russland.

Alt dette inneber at det samiske språket består av eit stort mangfald, trass i den overhengande trusselen om utrydding. Dei siste tiåra har òg stadig fleire teke grep for å styrkje og behalde dei ulike språka. Det gjeld både private aktørar og offentlege verksemder som skular, sjukehus og diverse medium.

Den samiske befolkninga gjennomgjekk ein lang og intensiv fornorskingsprosess, der målet var å gjere samane norske. Ein del av dette arbeidet dreidde seg om å lære samane å snakke norsk og å få dei til å leggje det samiske bak seg. Dette resulterte i at mange samar kjende det var skamleg å snakke samisk, noko som igjen har ført til at norsk er eit av dei største språka samane i Noreg snakkar i dag. Det er rett og slett stor variasjon når det gjeld moglegheit og evne til å snakke samisk.

By, land, yrke og bysamar

Som vi no har sett, har den samiske befolkninga eit stort språkleg mangfald, og det er uklart om det er mogleg å snakke om éin samisk kultur. Jau då, på den eine sida finst det nok ein samlande tanke om samisk kultur – at han er på ein spesiell måte – både mellom samar og ikkje-samar. På den andre sida er det faktum at ulike samar lever på ulike vis. Samane har ikkje berre ulike språk, men dei bur på ulike stader og har varierande kulturtrekk. Her kan vi trekkje fram det yrkesmessige mangfaldet, som òg kan seie noko om busetjingsmønsteret.

I dag bur fleire og fleire samar i byar, tettstader eller større bygder. På desse stadene har folk, av openberre årsaker, andre levebrød enn det vi høyrer oftast om, nemleg reindrift. Det er derfor rimeleg å tru at samar som bur i område med mykje folk, òg jobbar innanfor fleire ulike næringar. Samar har yrke som lærar, advokat, lege, butikkmedarbeidar, IT-konsulent, snikkar, sjukepleiar og så vidare. I tillegg er fleire studentar på dei mange høgskulane og universiteta i Noreg.

Som dei fleste medlemmer av urfolk verda over, bur altså stadig fleire samar i urbane strøk. Vi har ikkje klare tal over situasjonen i Noreg, men det er tydeleg at byar som Alta, Oslo, Trondheim og Tromsø er byar stadig fleire samar flyttar til, anten for å studere eller for å busetje seg. Sånn sett er desse byane som viktige samebyar å rekne. Utdanning og jobbmoglegheiter bidreg til urbaniseringa. I tillegg blir byane ein viktig arena der ei mangearta samisk befolkning kan samlast for drive med politikk, forsking og andre formar for organisering.

Innland og kyst

Ei gruppe sjøsamar fotograferte på slutten av 1800-talet. Her er både menn, kvinner og barn i kufter framom eit trehus. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi har tidlegare vore inne på at reindrifta er eit viktig samisk kultursymbol. Reindrifta har vore viktig i dei samiske innlandsområda, men den samiske befolkninga består òg av mange menneske som bur og verkar på kysten: sjøsamane.

Sjølv om sjøsamane i stor grad har gått frå primærnæringar til sekundær- og tertiærnæringar, har dei tradisjonelt livnært seg på fiske, fangst og jordbruk. Den sjøsamiske busetjinga strekkjer seg langs ein stor del norskekysten – frå Finnmark og til Trøndelag.

I den sjøsamiske befolkninga er norsk ofte det rådande språket. Fornorskingsprosessen fekk store konsekvensar for sjøsamane. Mange la frå seg den samiske identiteten, noko som resulterte i at det samiske språket, klesdrakter og liknande ikkje vart overleverte til yngre generasjonar. Av den grunnen snakkar mange sjøsamar norsk og ikkje samisk i dag, og dei sjøsamiske samfunna har vore prega av norske kulturuttrykk framfor samiske.

På grunn av fornorskinga, som kommuniserte at det samiske ikkje var godt nok, har nokre sjøsamiske område til og med hatt eit svært negativt lada og nedlatande syn på det samiske. Dei siste tiåra har det likevel skjedd ei kulturell revitalisering. Stadig fleire sjøsamar har funne tilbake til den samiske identiteten og har mellom anna lært seg språket. Område som på grunn av fornorskingsprosessen har identifisert seg som norske, har no anerkjent samisk nærvær og derfor lagt til rette for overleving og bruk av samiske språk og kultur. Fleire område har til dømes tospråklege skilt (norsk og samisk), tilbyr samisk som fag på skulen og legg til rette for markeringar av den samiske nasjonaldagen 6. februar.

I tillegg har den kulturelle revitaliseringa ført til at samane har ei stoltheit over sitt eige etniske og kulturelle opphav. Dei er ikkje lenger redde for å vise den samiske identiteten sin, noko som lenge prega sjøsamiske område. Stoltheita har ført til at mange sjøsamar ønskjer å kommunisere den etniske identiteten sin, mellom anna ved å skaffe seg kufte. Dette plagget vart teke ut av bruk mot slutten av 1800-talet i fleire sjøsamiske område.

CC BY-SASkrive av Kai Arne Ulriksen.
Sist fagleg oppdatert 22.05.2021

Læringsressursar

Urfolk