Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Urfolk og kulturelt mangfald

Her skal du undersøkje og diskutere mangfaldet i den samiske befolkninga og i andre urfolk- og minoritetsgrupper.
Ei stor folkemengde, mellom anna med mange personar i ulike samiske kufter, på torget i Trondheim. Lavvoar er sette opp i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Den samiske befolkninga består av eit stort mangfald.

  1. Undersøk om andre minoritetsgrupper eller urfolk har eit like stort mangfald.

  2. Finn du nokon likskapar med den samiske befolkninga?

Oppgåve 2

Skriv ein reflekterande tekst om kvifor du trur fleire samar flyttar til urbane strøk.

Oppgåve 3

Reindrifta er ein kjend del av samisk kultur, men sjøsamane er av ulike grunnar ikkje omtalte like ofte. Gå saman i små grupper, og lag ein presentasjon med temaet er sjøsamar. Presenter for klassen.

Oppgåve 4

  1. Finn døme på sjøsamiske område som har hatt ei kulturell revitalisering.

  2. Har desse områda vore prega av konflikt på grunn av revitaliseringa? Korleis artar konflikten seg?

Oppgåve 5

Diskuter i grupper eller par:

  1. Kvifor er det viktig å kjenne til det kulturelle mangfaldet i møte med samar, eller viss du er i eit samisk område? Vis til døme.

  2. Trur de det er viktig å vite om mangfaldet i Noreg generelt? Vis til døme.

CC BY-SASkrive av Kai Arne Ulriksen.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2021

Læringsressursar

Urfolk