Hopp til innhald

Fagstoff

Stereotypiar om den samiske befolkninga i Noreg

Stereotypiar påverkar ikkje berre korleis vi oppfattar andre menneske, men kan òg påverke korleis "dei andre" oppfattar seg sjølve. I Noreg har mange ulike stereotypiske haldningar mot den samiske befolkninga.
Kvinne i samedrakt med ein flokk rein. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etniske stereotypiar

Her i Noreg har det samiske urfolket historisk sett stått i ein avmaktsposisjon til majoritetsbefolkninga. Sjølv om forholda har betra seg dei siste tiåra, kjenner den samiske befolkninga etniske stereotypiar på kroppen. Samisk språk og kultur vart lenge rekna som noko negativt, og noko som hindra den samiske befolkninga i å ta del i samfunnet. Derfor sette den norske staten i verk ein intensiv fornorskingsprosess. Samane måtte blir norske for å kunne delta i det norske samfunnet. Dette førte til at mange samar fekk eit anstrengt forhold til sin eigen identitet. Mange slutta til dømes å snakke samisk og la den etniske identiteten sin bak seg. Dei såg på dei samiske trekka sine som noko negativt og valde derfor å underkommunisere dei for å bli meir inkluderte i samfunnet.

Stereotypiane har med andre ord ikkje berre påverka korleis den norske befolkninga har oppfatta samane, men dei har òg gjort noko med korleis nokre samar oppfattar seg sjølve. Negative skildringar av ein sjølv kan nemleg ende med at ein til slutt trur på det dei andre seier om ein. Stereotypiane blir ein del av det kulturelle sjølvbiletet ein har.

Dei etniske stereotypiane har altså for enkelte samar bidrege til eit negativt sjølvbilete. Sjølv om dette no har endra seg til det betre, er det likevel viktig å påpeike at det i lang tid prega enkelte samiske område, og at stereotypiane framleis kan påverke korleis enkelte oppfattar seg sjølve.

Nord-Noreg og Sør-Noreg

Her er det kanskje nokre som stiller seg undrande til at det finst negative stereotypiar om den samiske urbefolkninga. Det er ein rimeleg tanke. Ikkje alle i Noreg kjenner til denne problematikken, og noko av årsaka er rett og slett geografisk grunngitt. Område sør i Noreg har nok vore prega av eit anna syn på samar enn område nord i Noreg.

Grupper som bur og lever tett på kvarandre har ein tendens til å oftare kome i spente situasjonar enn grupper som bur langt unna kvarandre. I Nord-Noreg har den samiske og norske befolkninga budd og verka i dei same områda. Dette har til dømes ført til usemjer knytte til utnyttinga av naturressursar, når den norske og samiske befolkninga har ønskt tilgang til dei same ressursane. Slike konfliktar har påverka korleis gruppene oppfattar kvarandre, og det har mellom anna resultert i negative etniske stereotypiar retta mot samane.

Sør i Noreg har situasjonen vore ein annan. Etter den samiske revitaliseringa av samiske kultur på 1970- og 80-talet har mange kanskje hatt eit positivt og romantisk bilete av samar som ei gruppe som lever i pakt med naturen og gamle tradisjonar.

Sjølv om dette på mange måtar er ei positivt lada framstilling, kan ein diskutere om slike stereotypiar som gir inntrykk av noko eksotisk, gagnar samane. Det blir skapt eit stillbilete av urfolk som grupper som ikkje lever i tråd med den moderne verda og dei krava ho stiller. Kan eit slikt bilete verke undertrykkjande og avgrense moglegheitene deira i eit samfunn som vektlegg heilt andre kunnskapar enn ferdigheiter knytte til naturressursar? Kva trur du?

Reindrift på Finnmarksvidda

Vi skal gå nærare inn på ein stereotypi som lenge har vorte kopla opp mot den samiske befolkninga, men før vi går vidare, er det naudsynt å understreke at stereotypien nok ikkje har dei same assosiasjonane i heile Noreg.

Ein av dei mest kjende stereotypiane, eller mytane om du vil, er at alle samar driv med reindrift. Denne skildringa er kanskje eit av dei mest kjende bileta av ein same og som ofte blir vist i media, skulebøker og reiselivsreklamar.

Ideen om samar og reindrift er ein stereotypi som har mange negative aspekt knytte til seg, til dømes at reindriftseigarar berre lever av subsidiar. Underteksten er at samar snyltar på staten. Her må det minnast om at resten av landbruket i Noreg òg får subsidiar, og til liks med reindriftssamar lever dei ikkje berre av desse, men av sal av råvarer. I tillegg er det mange som har fleire jobbar. Ikkje alle jobbar med reindrift på heiltid.

Eit anna aspekt ved stereotypien er tanken om at for å vere same, må du drive med reindrift. For enkelte samar har dette ført til at folk rundt dei ikkje har anerkjent den etniske identiteten deira, som i seg sjølv er undertrykkjande. Tenk om andre ikkje anerkjenner den personen du oppfattar deg som?

Talet stemmer ikkje med stereotypien

Ei kvinne og barn kledde i tradisjonelle samiske drakter er med på ei førestilling. Linda Hofstad Helleland, Erna Solberg, Trine Skei Grande og to kvinner i samiske drakter sit og ser på. Ein kameramann står i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innlandskommunane Karasjok og Kautokeino ber sterkt preg av det samiske. Når du reiser i kommunane og områda rundt, er det uunngåeleg at du møter på samisk språk, samiske namn, kufter og andre kulturuttrykk. I tillegg er reindrifta utbreidd i desse områda. Derfor trur òg mange at det er der alle samane bur, og at dei driv med reindrift. Røynda er derimot ei anna.

Ifølgje Statistisk sentralbyrå var det litt i overkant av 3000 personar som var knytte til reindrifta i 2011. Sidan det bur fleire titals tusen samar i Noreg, betyr altså dette at langt frå alle driv med reindrift og bur i innlandsområdet i Finnmark. Talet stemmer rett og slett ikkje med stereotypien. Viss ikkje alle driv med reindrift, må vi rett og slett konkludere med at det eksisterer eit vesentleg mangfald internt i den samiske befolkninga, både kva yrke og busetjingar angår.

Mangfald

I dag lever dei aller fleste samane som alle andre i Noreg. Somme bur på landet, enkelte ved kysten, og mange søkjer til byane. Det finst samar frå heilt nordaust i Finnmark til Sørlandet. Dei er studentar, legar, advokatar, fiskarar, idrettsutøvarar, sjåførar og sjukepleiarar. Lista er like lang som det finst yrke i Noreg. Vi kan rett og slett ikkje gå ut frå at ein same er ein person som bur på Finnmarksvidda og driv med reindrift. Til det er mangfaldet for stort. Sjølvsagt er det nokre som driv med rein, og det er eit av dei mest synlege samiske kulturtrekka, men det er ikkje beskrivande for den samiske befolkninga samla sett. Ein same kan like godt vere lærar som reindriftseigar. Yrket gjer ikkje personen til mindre same av den grunn. I tillegg må ein same oppfylle nokre kriterium for å drive med reindrift. Ein må til dømes ha foreldre eller besteforeldre som levde av reindrift. Vi snakkar med andre ord om ein slags odelsrett. Sidan dei fleste ikkje kjem frå familiar som har drive med reindrift, betyr òg det at dei fleste ikkje driv med rein.

Den samiske befolkninga består altså at av eit stort mangfald av menneske – og ikkje berre reindriftseigarar. Vi har sjølvsagt reindriftssamar, men det finst òg bysamar, skeive samar, samar som ikkje snakkar samisk eller bruker kufte, samar som bur i utlandet, samar som er ingeniørar og så vidare. Lista er lang, og ho blir berre lengre. Sjølv om stereotypiane gjerne vil presentere røynda, så er realiteten rett og slett ein annan.

CC BY-SASkrive av Kai Arne Ulriksen.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2021

Læringsressursar

Urfolk