Assimiliering og revitalisering
Ser du likskapar mellom den samiske revitaliseringa og den grønlandske motstandskampen? Kva er likt, og kva er ulikt?
Unge (og fleire eldre) grønlendarar tatoverer tradisjonelle symbol og tek i bruk språket i kulturarrangement for å vise og kommunisere stoltheit over eigen etnisk identitet.
Diskuter i grupper eller par: Kvifor gjer dei dette?
Finst det liknande prosessar i Sápmi der samane tek i bruk symbol og arrangement for å kommunisere kulturell og etnisk tilhøyrsel og stoltheit? Undersøk og vis til døme.
Både norske samar og grønlandske inuittar har vorte utsette for politiske prosessar der målet har vore å assimilere dei inn i majoritetsbefolkninga. Undersøk og lag ein presentasjon der du presenterer likskapar og eventuelle forskjellar i den assimileringsprosessen begge folkegruppene har gått gjennom.