Oppgåve
Omstillingsprosessar ved innovasjon
For å fremme innovasjon kan det ofte vere nødvendig med omstillingsprosessar internt i bedrifta. Kva kan du om omstilling og utvikling? Bruk eigne ord når du skal forklare dei ulike omgrepa og svare på oppgåvene.
- Kva meiner vi med omstilling?
- I kva situasjonar må bedrifter omstille seg?
- Kva er avgjerande for å lykkast med omstillingsprosessar?
Vel om du vil ta utgangspunkt i ei reiselivsbedrift, ein butikk eller eit sikkerheitsfirma når du svarer på spørsmåla nedanfor:
- Kva for nokon faktorar trur du er dei viktigaste drivarane for omstilling no?
- Korleis påverkar omstillingsprosessar dei tilsette i bransjen?
- Skisser ei omstilling du meiner vil bli nødvendig i framtida, og forklar korleis du ville ha gjennomført omstillingsprosessen i ei tenkt bedrift.