Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforske og presentere ei bedrift

I denne oppgåva skal du velje ei bedrift i nærmiljøet ditt. Grunngi valet og presenter bedrifta. Du skal fokusere spesielt på bedrifta sine evner til innovasjon og nyskaping.
Logo for Innovasjon Norge. Ein raud "N" med ein "I" i seg. Til høgre står det "Innovasjon Norge".
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Saman med læraren din bestemmer de om dette skal vere ein skriftleg rapport eller ei munnleg framføring. Uansett skal rapporten eller framføringa blir bygd opp med ei innleiing, ein hovuddel og ei avslutning. Ikkje gløym kjelder!

Innleiing

- Presenter bedrifta kort.
- Beskriv kva bedrifta produserer, kva bransje ho er i, og kor mange tilsette ho har.

Innhald

- Fortel om om bedrifta si historie og kva konkurrentar bedrifta har.
- Fortel om økonomien i bedrifta, ifølgje Proff.no.
- Bruk nøkkeltal for å illustrere den økonomisk utviklinga.
- Fortel om bedrifta sine evner til innovasjon og nyskaping. Her kan du enten reflektere sjølv, eller intervjue ein representant for bedrifta. Du skal prøve å svare på følgjande spørsmål: Kva gjer at denne bedrifta er innovativ? Er det produktinnovasjon, prosessinnovasjon, eller ein innovativ bedriftskultur?

Avslutning

- Oppsummer kort kva du har arbeidd med i rapporten og kva har du lært om bedrifta.
- Repeter kva som gjer at bedrifta er innovativ.

Relatert innhald

Kva kjenneteiknar ei innovativ og nyskapande bedrift? Dette er eit spørsmål mange er opptekne av, spesielt bedrifter i bransjar med hard konkurranse.

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2021

Læringsressursar

Innovasjon