Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Jobb med berekraftsmåla

Du skal her gå djupare inn i berekraftsmåla for å forstå kva dei handlar om og korleis dei heng saman.
Illustrasjon av to hender som held planeten jorda.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Berekraftsmåla er FNs mål og planen i verda for å utrydde fattigdom og svolt, sørgje for utdanning og arbeid for alle, kjempe mot forskjell og stoppe klimaendringane.

I løpet av desse oppgåvene kan du bruke FN-sambandet si side om berekraftsmåla som hovudkjelda di. Sjå likevel om du kan finne ut meir undervegs ved å bruke andre kjelder.

FN sine berekraftsmål (fn.no)

Oppgåve 1

  1. Er det nokon av berekraftsmåla som påverkar deg personleg? Kvifor?
  2. Finn ut kva Noreg gjer for oppfylle berekraftsmåla.

    Tips: Sjekk ut Regjeringa si temaside om berekraftsmåla.

Oppgåve 2

Dette er ei litt større oppgåve der alle i klassen skal jobbe utforskande med og gå i djupna på berekraftsmåla.

Utforsk

Fordel berekraftsmåla mellom dykk i klassen. Det er 16 berekraftsmål, i tillegg til eit 17. som handlar om korleis ein skal jobbe saman for å nå dei andre måla. Nokon kan jobbe saman medan andre må jobbe åleine, men det er viktig at måla blir fordelte slik at alle blir jobba med.

Du skal gå i djupna på det berekraftsmålet du ha fått tildelt. Finn ut følgjande:

  • Kva målet inneber, og kva delmål som ligg under hovudmålet.
  • Korleis er status per i dag på målet?
  • Korleis kan ein jobbe for å nå målet?
  • Er det nokre land der ein har komme lengre eller kortare enn andre på dette målet?

Speed-date

Når de er ferdige med å finne ut så mykje som mogleg om kvart enkelt berekraftsmål, skal de ha speed-date. Det blir gjort ved at de går rundt i klasserommet (eller utandørs om vêret er fint) og stoppar ved minst fire andre personar. Då skal du fortelje så mykje du kan om berekraftsmålet ditt, medan dei du møter skal fortelje om målet sitt. På den måten kan du òg kunne gå i djupna på fleire av måla .

Diskuter

Etter speed-daten skal de saman diskutere korleis berekraftsmåla heng saman.

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 29.05.2020

Læringsressursar

Innovasjon