Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Næringsgrunnlaget i lokalsamfunnet ditt

Næringsgrunnlaget i Noreg har til dels endra seg mykje dei siste tiåra. Du skal no jobbe med å utforske korleis næringsgrunnlaget er i lokalsamfunnet ditt.
Merder i eit fiskeoppdrettsanlegg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Ta utgangspunkt i lokalsamfunnet ditt – det kan vere tettstaden eller byen du bur i, eller andre stader i kommunen eller regionen din – og finn ut kva type industri og bedrifter som har prega lokalsamfunnet.

Ting du bør ha i bakhovudet når du utforskar staden:

  • Er staden bygd opp på bakgrunn av industri eller kraftutbygging? Finst det ei hjørnesteinsbedrift?
  • Kva er bakgrunnen til industrien og bedriftene i området? Blir det drive med eksport basert på denne industrien?
  • Er det mange tilsette i bedrifter i lokalsamfunnet? Finst det ein hovudarbeidsplass som ikkje er industri?
  • Har det vore nedbemanning, omlegging eller nedlegging av bedrifta/bedriftene?
  • Kor klimavennleg er produksjonen i den industrien eller bedriftene som finst i lokalsamfunnet?
CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 25.06.2020

Læringsressursar

Innovasjon