Hopp til innhald

Fagstoff

Berekraftige materiale og produkt

Materiale og produkt kan omtalast som «berekraftige». Kva betyr eigentleg det? Kva skal til for at materiale og produkt kan kallast berekraftige?

Kva betyr ordet berekraftig?

Ordet berekraftig blir brukt i mange samanhengar, og det kan ha litt ulik betydning etter kva samanheng det blir brukt i. Når vi snakkar om berekraftig utvikling, er det vanleg å ta utgangspunkt i definisjonen frå Verdskommisjonen for fred og miljø frå 1987:

"Utvikling som imøtekjem dagens behov utan å øydeleggje moglegheitene for at komande generasjonar skal få dekt behova sine." (FNs verdskommisjon for miljø og utvikling sin rapport Vår felles framtid, 1987)

Her blir miljø, økonomi og sosiale forhold knytte saman. FNs berekraftsmål frå 2015 legg òg vekt på desse tre dimensjonane.

Venndiagram med ikon som symboliserer økonomi, sosiale forhold og miljø. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Miljø og klima

Korg med gamle klede. Illustrasjon.

FNs berekraftsmål nr. 12 omtaler forbruk og produksjon:

"Berekraftig forbruk og produksjon handlar om å gjere meir med mindre ressursar.

For å sikre gode levekår for noverande og framtidige generasjonar må òg kvar enkelt forbrukar endre livsstil. Det inneber å minske ressursbruken, miljøøydelegginga og klimautsleppa som samfunn og som enkeltperson." (FNs berekraftsmål nr. 12 – Ansvarleg forbruk og produksjon)

Materiale og produkt som er berekraftige, må altså forbruke så lite energi og naturressursar som mogleg og ikkje skade miljøet.

Omvend pyramide i blåtonar. Illustrasjon.

Avfallspyramiden gir oversikt

For å bruke ressursar godt kan avfallspyramiden vere eit nyttig verktøy. Avfallspyramiden blir brukt for å synleggjere avfallspolitikken i Noreg og EU.

Målet er at vi skal halde oss så nært det øvste «trinnet» i pyramiden som mogleg. Viss vi klarer det, kan vi oppnå best mogleg bruk av ressursane våre. Det er lønnsamt, både når det gjeld miljø, og når det gjeld økonomi.

Økonomi

Haug med bananar med Fairtrade-merke. Foto.

Rettferdig betalt

Dei som lever av å produsere råvarer og mat, må få så godt betalt at dei blir i stand til å dyrke jorda på ein skånsam og miljøvennleg måte. Faste og føreseielege inntekter gjer det mogleg å planleggje drifta betre og sørgje for tryggare arbeidsplassar for dei sjølv og andre i lokalsamfunnet.

Sirkulærøkonomi – eit evig krinsløp

Som ein motreaksjon mot bruk-og-kast-mentaliteten som tidlegare var rådande, har det oppstått ei retning innanfor økonomien der ein legg vekt på å behalde ressursane i omløp så lenge som mogleg. Gjenbruk, gjenvinning, reparasjon og energisparing er viktige prinsipp i sirkulærøkonomien.

Delingsøkonomi – leie i staden for å eige

I staden for at alle eig kvar sin bil, er det mogleg vere med i eit såkalla bildelingskollektiv. Då betaler ein gjerne ei fast avgift per månad i tillegg til at ein betaler for kor langt ein køyrer. Du eig ikkje bilen sjølv, men låner han når du har behov.

Fleire kommunar har òg eigne utlånssentralar, der ein kan låne tur- og sportsutstyr, verktøy og maskiner.

Sosiale forhold

Kvinne som overvaker produksjonslinje. Foto.

Eit berekraftig produkt må tilfredsstille krav til anstendige arbeidsforhold med blant anna trygt arbeidsmiljø, arbeidskontrakt, fast lønnsutbetaling og ei lønn det går an å leve av.

Sertifiseringsordninger

Når du skal starte di eiga bedrift eller få ansvaret for innkjøp av materiale eller ferdige produkt, er det heilt umogleg å få oversikt over alle sider ved eit materiale eller eit produkt. Dei ulike bransjane har utvikla ulike ordningar som skal gjere det lettare å ta informerte val. Sertifiserings- og merkeordningar kan gi oversikt over ressursbruk, sosiale forhold og miljøpåverknad.

Kjelder

Fairtrade. (u.å.). Fairtrade Standards. Henta 5. juni 2020 frå https://www.fairtrade.net/standard

FN. (2020, 26. mai). FNs bærekraftsmål. Henta 5. juni 2020 frå https://www.fn.no/om-fn/fns-baerekraftsmaal

Store norske leksikon. ( 2018, 9. juli). Avfallshierarkiet. Hentet 25. august 2020 fra https://snl.no/avfallshierarki

Store norske leksikon. (2020, 10. mars). Verdenskommisjonen for miljø og utvikling. Henta 11. juni 2020 frå https://snl.no/verdenskommisjonen_for_miljC\\3B\\8_og_utvikling

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 17.02.2020

Læringsressursar

Innovasjon