Lønn og andre personalkostnader
Løys oppgåvene i eit rekneark, der du skriv inn oppgitte tal som inndata for så å berekne utdata.
Pensjonskostnader er minimum 2 %. I oppgåvene ser du at enkelte bedrifter vel å setje av ein høgare prosent for dei tilsette.
Oppgåve 1. Viks kiosk
Dagleg leiar Hanne Vik skal budsjettere dei totale personalkostnadene for kiosken sin for neste budsjettår. Ho har følgande kostnader:
Brutto lønnskostnader: 4 750 000 kr
Feriepengegrunnlag: 4 500 000 kr
Feriepengar: 12 %
Arbeidsgivaravgift: 14,1 %
Pensjonskostnad: 2 %
PC og mobil til tilsette: 50 000 kr
Arbeidstøy (skjorte og genser): 3 000 kr
Velferdstiltak (sommarfest, julebord): 20 000 kr
Kva blir dei totale personalkostnadene?
Oppgåve 2. Import AS
Thor Jensen er økonomiansvarleg i bedrifta Import AS. Han skal budsjettere personalkostnadene for bedrifta. Det er 12 tilsette i bedrifta.
Brutto lønnskostnader: 7 500 000 kr
Feriepengegrunnlag: 7 000 000 kr
Feriepengar: 12 %
Arbeidsgivaravgift: 14,1 %
Pensjonskostnad: 3 %
Diverse utstyr: 200 000 kr
Velferdstiltak : 50 000 kr
Kva blir dei totale personalkostnadene og personalkostnader per tilsett?
Oppgåve 3. Servicebutikken AS
Servicebutikken AS ligg i Tromsø. Anne Mobashir har ansvaret for økonomien og skal budsjettere personalkostnadene for neste år. Det er 16 tilsette i bedrifta.
Brutto lønnskostnader: 13 600 000 kr
Feriepengegrunnlag: 12 500 000 kr
Feriepengar: 12 %
Arbeidsgivaravgift: ??
Pensjonskostnad: 2,5 %
Velferdstiltak : 90 000 kr
Finn ut kor mykje arbeidsgivaravgifta er i Tromsø og berekn personalkostnader totalt og per tilsett.