Lønnsutrekningar
Mange arbeidstakarar i Noreg har avtale med sine arbeidsgivarar om ei fast årslønn. Det er då ein føresetnad at det blir arbeidd eit bestemt tal arbeidstimar. Det er vanleg i Noreg med timar per veke.
Ut frå årslønna reknar ein ut månadslønn som årslønn dividert på 12. Arbeidstakaren får lønn kvar månad ho arbeider, men ikkje når ho har ferie. Då får ho i staden feriepengar.
Det kan òg ut frå årslønna reknast ut timelønn. Då må det først reknast ut tal arbeidstimar per år.
Eit døme på korleis dette blir gjort er at arbeidstimar per veke blir multiplisert med 52 veker per år som gir 1950 timar per år.
Talet på timar per månad blir då 1950 timar per år dividert med 12 månader per år som er lik timar per månad.
Døme
Per har ei årslønn på 425 100 kroner. Rekn med 1 950 arbeidstimar i eit arbeidsår. Finn månadslønn og timelønn.
Vi set dette opp i eit rekneark:
Filer
- Lønnsutrekning, Per(XLSX)
I staden for årslønn kan det avtalast timelønn. Det er til dømes vanleg for mange som arbeider deltid, men òg for mange i fast stilling. Timelønna er gjerne høgare for kveldsarbeid og for arbeid på søndagar og helgedagar.
Ein annan type lønn er provisjonslønn. Lønna avheng då av oppnådde resultat i den jobben som blir gjort. Det vanlege er at ein del av lønna blir rekna ut ut frå den tida som blir brukt, og at resten av lønna avheng av kva for eit resultat som blir oppnådd. Telefonseljarar har ofte denne typen lønn.
Døme
Kari har deltidsarbeid som telefonseljar. Ho har ei timelønn på 80 kroner og ein provisjon på av det ho klarer å selje.
Ein månad arbeidde ho 50 timar. Ho oppnådde eit sal på 40 000 kroner. Finn lønna hennar denne månaden.
Vi set dette opp i eit rekneark:
Filer
- Lønnsutrekning, Kari(XLSX)
I nokre arbeidsforhold blir det betalt ut ein bestemt sum for å gjere ein bestemt jobb. Dette blir kalla akkordlønn. Akkordlønn kan til dømes brukast ved bærplukking.
Døme
Ein bærplukkar får 5 kroner for kvar korg med jordbær han plukkar. Ein dag plukkar han 95 korger med jordbær.
Lønna blir då
5 kroner pr korg · 95 korger = 475 kroner.
Dei fleste arbeidstakarar i Noreg har ei normal arbeidsveke på
Døme
Ellinor har ei fast månadslønn på 32 175 kroner. Talet på timar per månad er
Ein månad arbeidde Ellinor 5 timar overtid med
Vi vil rekne ut samla lønn for denne månaden og set dette opp i eit rekneark:
Filer
- Lønnsutrekning, Ellinor(XLSX)
Legg spesielt merke til utrekninga av overtidslønna. Her er det brukt vekstfaktor slik at overtidslønna blir funne direkte.
Det er no lett å finne lønn for ein annan månad ved å endre inndataa. I mange oppgåver skal du bruke rekneark. Dersom du gjer eit skikkeleg arbeid med reknearket i starten, kan du bruke det same reknearket i mange oppgåver berre ved å gjere små endringar.
Alle arbeidstakarar i Noreg har krav på feriepengar. Feriepengane blir betalte ut av arbeidsgivar i staden for lønn når du har ferie. Feriepengane skal vere minimum
Døme
I fjor hadde Eline til saman utbetalt 425 600 kroner frå arbeidsgivaren sin. Av dette var 41 100 kroner feriepengar. Eline er 61 år.
Då kan vi rekne ut feriepengane Eline har krav på frå arbeidsgivaren sin i år.
Vi set dette opp i eit rekneark:
Filer
- Lønnsutrekning, Eline(XLSX)