Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver til film om løn

Kva skal du som tilsett sjekke på lønsslippen? Og korleis skal bedrifta føre lønsrelaterte kostnader? I filmen møter vi ein ung tilsett som har spørsmål om lønsslippen sin. I tillegg møter vi ein rekneskapsførar som forklarer lønskostnadene for bedrifta. Sjå filmen og svar på spørsmåla.

Oppgåver

  1. Kva er bruttoløn?
  2. Korleis reknar du ut skattetrekket?
  3. På kva konto set bedrifta skattetrekket?
  4. Kva betyr akkumulerte tal?
  5. Blir det trekt skatt av feriepengar? Forklar.
  6. Kva betyr det at «likviditeten er stram»?
  7. Kva kan bedrifta gjere for å auke overskotet sitt?
CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 10.06.2021

Læringsressursar

Lønn