Pernille arbeider 37,5 timar kvar veke. Ho har ei timelønn på 225 kr. Kor mykje har Pernille i bruttolønn per veke?
vis fasit
Bruttolønna til Pernille er:
Per arbeider som telefonseljar. Han har ei fast timelønn på 105 kroner. I tillegg får han 15 kroner for kvart sal han oppnår. Ei veke arbeidde Per 15 timar. Han oppnådde 90 sal denne veka.
a) Kor mykje hadde Per i brutto vekelønn denne veka?
vis fasit
Lønna til Per denne veka var
b) Kva vart den verkelege timelønna til Per denne veka?
vis fasit
Den verkelege timelønna vart
Silje har ei årslønn på 375 500 kroner. Kva blir timelønna til Silje dersom du reknar med 1 950 arbeidstimar i løpet av eitt år?
vis fasit
Timelønna til Silje blir
Stanislaw plukkar morellar. Han får 12 kroner for kvar kg han plukkar. Ein dag plukka han 135 kg i løpet av 10 timar.
a) Kva var bruttolønna til Stanislaw denne dagen?
vis fasit
Bruttolønna til Stanislaw denne dagen var
b) Kva vart timelønna?
vis fasit
Timelønna vart
Vegard er snikkar og gir eit anbod på 27 000 kroner for ein jobb. Han reknar med å bruke 10 arbeidsdagar på jobben. Kvar arbeidsdag er på 7,5 timar. Kor stor timelønn har Vegard rekna at han skal ha?
vis fasit
Vegard har rekna ei timelønn på
Tina har ei fast månadslønn på 32 200 kroner. Normal arbeidstid ein månad er 162,5 timar. Ein månad arbeidde Tina 7 timar overtid med 40 % tillegg og 4 timar overtid med 100 % tillegg. Finn samla lønn for Tina denne månaden. Gjer utrekningane i eit rekneark.
vis fasit
| A | B | C | D | | | |
---|
1 | Lønnsutrekningar for Tina | | | |
2 | | | | | | | |
3 | Inndata | | | Formlar i kolonne B | | | |
4 | Månadslønn | 32200 | kr | | | | |
5 | Tal på timar i ein månad | 162,5 | t | | | | |
6 | Overtidstillegg | 40 | % | | | | |
7 | Overtidstillegg | 100 | % | | | | |
8 | Tall på overtidstimar med 40 % tillegg | 7 | t | | | | |
9 | Tall på overtidstimar med 100 % tillegg | 4 | t | | | | |
10 | | | | | | | |
11 | Vanleg timelønn | 198 | kr/t | =B4/B5 | | | |
12 | | | | | | | |
13 | Utrekning | | | | | | |
14 | Fast månadslønn | 32200 | kr | =B4 | | | |
15 | Overtidslønn 40 % | 1942 | kr | =B8*$B$11*(1+B6/100) | | | |
16 | Overtidslønn 100 % | 1585 | kr | =B9*$B$11*(1+B7/100) | | | |
17 | Brutto lønn | 35727 | kr | =B14+B15+B16 | | | |
Samla lønn for Tina denne månaden vart kr 35 727.
Nedanfor kan du sjå utrekninga i eit verkeleg rekneark.
Mads har fast månadslønn på 35 120 kroner. Ein månad arbeidde han 10 timar overtid. For 4 av desse timane fekk han 50 % tillegg, og for 6 av timane fekk han 100 % tillegg. Rekn med 162,5 arbeidstimar per månad. Finn samla lønn for Mads denne månaden. Gjer utrekningane i eit rekneark.
vis fasit
| A | B | C | D | | | |
---|
1 | Lønnsutrekningar for Mads | | | |
2 | | | | | | | |
3 | Inndata | | | Formlar i kolonne B | | | |
4 | Månadslønn | 35120 | kr | | | | |
5 | Tal på timar i ein månad | 162,5 | t | | | | |
6 | Overtidstillegg | 50 | % | | | | |
7 | Overtidstillegg | 100 | % | | | | |
8 | Tal på overtidstimar med 40 % tillegg | 4 | t | | | | |
9 | Tal på overtidstimar med 100 % tillegg | 6 | t | | | | |
10 | | | | | | | |
11 | Timelønn | 216 | kr/t | =B4/B5 | | | |
12 | | | | | | | |
13 | Utrekning | | | | | | |
14 | Fast månadslønn | 35120 | kr | =B4 | | | |
15 | Overtidslønn 40 % | 1297 | kr | =B8*$B$11*(1+B6/100) | | | |
16 | Overtidslønn 100 % | 2593 | kr | =B9*$B$11*(1+B7/100) | | | |
17 | Brutto lønn | 39010 | kr | =B14+B15+B16 | | | |
Samla lønn for Mads denne månaden vart kr 39 010.
Nedanfor kan du sjå utrekninga i eit verkeleg rekneark.
Ine jobbar kvar laurdag i ein fiskebutikk. Ho har arbeidstid frå kl. 11:00 til kl. 18:30. Ein månad jobbar ho fire laurdagar. Ho får 50 % overtidstillegg etter kl. 17:00. Kva er bruttolønna til Ine denne månaden når timelønna er 120 kr?
vis fasit
Arbeidstid kvar laurdag er 7,5 timar.
I løpet av 4 laurdagar blir det .
Kvar laurdag jobbar ho 1,5 time overtid. Til saman blir det 6 timar overtid denne månaden.
Lønna til Ine denne månaden blir:
Svein jobbar som seljar. Han har ei fast månadslønn på 20 000 kroner. I tillegg skal Svein ha 5 % provisjon av salet som overstig 100 000 kroner. Ein månad selde han for 250 000 kroner. Finn bruttolønna til Svein denne månaden.
vis fasit
Lønna til Svein blir:
Celine har ei timelønn på 195 kroner. I mai arbeidde ho 162,5 timar. Celine har prosentkort og trekkjer 33 % skatt. Kor mykje fekk Celine utbetalt denne månaden?
vis fasit
Kåre har ei timelønn på 145 kroner. Ein månad arbeidde han 145 timar. Kåre har prosentkort og trekkjer 27 % skatt. Kva var nettolønna til Kåre denne månaden?
vis fasit
Anne har jobb som telefonseljar tre ettermiddagar kvar veke. Arbeidstida er frå kl. 15:30 til kl. 18:30. Ho har ein avtale der ho får ei fast timelønn på 102 kroner. I tillegg får ho 10 % provisjon av salet som lønn. Anne har prosentkort og betaler 21 % skatt. I mars hadde ho følgjande sal
Veke | Sal |
---|
10 | 3 200 kr |
11 | 3 900 kr |
12 | 2 700 kr |
13 | 4 100 kr |
a) Finn timelønna til Anne denne månaden.
vis fasit
Talet på timar Anne jobbar desse vekene:
Lønn ut frå tal på timar:
Samla sal:
Provisjonslønn:
Timelønna til Anne blir:
b) Finn nettolønna til Anne denne månaden.
vis fasit
Skattetrekket blir:
Nettolønna til Anne blir:
I oppgåvene som følgjer skal du bruke ulike skattetabellar. Du finn desse skattetabellane på Skatteetaten si side om tabelltrekk for skatt . Bruk året 2018 på denne nettsida og vel rett skattetabell i skjemaet. Trykk deretter på "Vis hele tabellen" og finn riktig skattetrekk. (Du kan kontrollere skattetrekket ved å skrive inn i skjemaet den lønna som er trekkgrunnlag.)
Ein månad har Siri 35 900 kroner i månadslønn. I tillegg har ho arbeidd 7 timar overtid med 40 % overtidstillegg. Siri skal bruke skattetabell 7104 for 2018, som du finn i forklaringa ovanfor. For overtidsarbeidet skal ho betale 32 % skatt. Bruk rekneark og rekn ut skatt og utbetalt lønn. Rekn med 162,5 timar per månad.
vis fasit
| A | B | C | D | | | |
---|
1 | Lønnsutrekningar for Siri | | | |
2 | | | | | | | |
3 | Inndata | | | Formlar i kolonne B | | | |
4 | Månadslønn | 35900 | kr | | | | |
5 | Tal på timar i ein månad | 162,5 | t | | | | |
6 | Overtidstillegg | 40 | % | | | | |
7 | Tal på overtidstimar med 40 % tillegg | 7 | | | | | |
8 | Skattetrekk ved overtidsarbeid | 32 | % | | | | |
9 | | | | | | | |
10 | Timelønn | 221 | kr/t | =B4/B5 | | | |
11 | | | | | | | |
12 | Utrekning | | | | | | |
13 | Fast månadslønn | 35900 | kr | =B4 | | | |
14 | Overtidslønn | 2165 | kr | =B7*B10*(1+B6/100) | | | |
15 | Brutto lønn | 38065 | kr | =B13+B14 | | | |
16 | Skattetrekk av fast lønn | 10229 | kr | | | | |
17 | Skattetrekk av overtidslønn | 693 | kr | =B14*B8/100 | | | |
18 | Sum skattetrekk | 10922 | kr | =B16+B17 | | | |
19 | Utbetalt lønn | 27143 | kr | =B15-B18 | | | |
Nedanfor kan du sjå utrekninga i eit verkeleg rekneark.
Kristine har ei fast månadslønn på 31 345 kroner. I mars arbeidde ho 12 timar overtid. Ho fekk 50 % overtidstillegg. Rekn med 162,5 arbeidstimar per månad. Kristine er medlem i ei fagforeining og trekkjer 1,2 % i fagforeiningskontingent kvar månad. Ho blir trekt i skatt etter skattetabell nr. 7104 for 2018, sjå forklaring rett før den førre oppgåva. For overtidsarbeidet skal ho betale 36 % skatt. Finn Kristine si nettolønn i mars. Gjer utrekninga med og utan rekneark.
vis fasit
| A
| B
| C
| D |
---|
1 | Lønnsutrekningar for Kristine | | | |
2 | | | | |
3 | Inndata | Tall | | Formlar i kolonne B
|
4 | Månadslønn
| 31345 | kr | |
5 | Tal på timar i ein månad | 162,5 | t | |
6 | Overtidstillegg
| 50 | % | |
7 | Tal på overtidstimar med 50 % tillegg | 12 | t | |
8 | Skattetrekk ved overtidsarbeid
| 36 | % | |
9 | Fagforeiningstrekk | 1,2 | % | |
10 | | | | |
11 | Timelønn | 193 | kr/t | =B4/B5 |
12 | | | | |
13 | Utrekning | | | |
14 | Fast månadslønn | 31345 | kr | =B4 |
15 | Overtidslønn | 3472 | kr | =B7*B11*(1+B6/100) |
16 | Brutto lønn | 34817 | kr | =B14+B15 |
17 | Fagforeiningstrekk | 418 | kr | =B16*B9/100 |
18 | Grunnlag for tabelltrekk | 30927 | kr | =B14-B17 |
19 | Skattetrekk etter tabell. Grunnlag 30900 | 8238 | kr | |
20 | Skattetrekk av overtidslønn | 1250 | kr | =B15*B8/100 |
21 | Sum skattetrekk | 9488 | kr | =B19+B20 |
22 | Utbetalt lønn | 24911 | kr | =B16-B17-B21 |
Utan regneark:
Timelønn:
Samla lønn (Bruttolønn):
Fagforeiningstrekk 1,2 % av bruttolønn:
Trekkgrunnlag tabelltrekk: Vanleg lønn – fagforeiningstrekk
Skattetrekk frå tabell 7104. Trekkgrunnlag 30 900 gir eit skattetrekk på 8 238 kr.
Skattetrekk av overtid: Trekkprosenten er 36 %
Utbetalt lønn:
Nedanfor kan du sjå utrekninga i eit verkeleg rekneark.
Ole arbeider på ein mekanisk verkstad. Han har ei timelønn på 195 kroner innanfor vanleg arbeidstid. Nedanfor ser du kor mange timar han arbeidde ein månad.
Arbeid | Tal på timar |
---|
Vanleg arbeidstid | 150 |
Overtid med 50 % tillegg | 16 |
Overtid med 100 % tillegg | 6 |
a) Finn bruttolønna til Ole denne månaden.
Ole betaler 2 % av lønna for vanleg arbeidstid til ei pensjonskasse.
b) Hvor mykje betalte Ole til pensjonskassa denne månaden?
Ole betaler 36 % skatt.
c) Hvor mykje fekk Ole utbetalt etter at skatten var trekt ifrå denne månaden?
vis fasit
| A | B | C | D | | | |
---|
1 | Lønnsutrekningar for Ole | | | |
2 | | | | | | | |
3 | Inndata | | | Formlar i kolonne B | | | |
4 | Timelønn | 195 | kr | | | | |
5 | Tal på timar vanleg arbeidstid | 150 | | | | | |
6 | Tal på timar med 50% tillegg | 16 | | | | | |
7 | Tal på timar med 100 % tillegg | 6 | | | | | |
8 | Overtidstillegg | 50 | % | | | | |
9 | Overtidstillegg | 100 | % | | | | |
10 | Skattetrekk | 36 | % | | | | |
11 | Trekkprosent pensjonskasse | 2 | % | | | | |
12 | | | | | | | |
13 | Utrekning | | | | | | |
14 | Lønn vanleg arbeidstid | 29250 | kr | =B4*B5 | | | |
15 | Lønn overtid med 50 % tillegg | 4680 | kr | =B4*B6*(1+B8/100) | | | |
16 | Lønn overtid med 100 % tillegg | 2340 | kr | =B4*B7*(1+B9/100) | | | |
17 | Brutto lønn | 36270 | kr | =SUMMER(B14:B16) | | | |
18 | Betaling til pensjonskasse | 585 | kr | =B14*B11/100 | | | |
19 | Grunnlag skattetrekk | 35685 | kr | =B17-B18 | | | |
20 | Skattetrekk | 12847 | kr | =B19*B10/100 | | | |
21 | Utbetalt lønn | 22838 | kr | =B17-B20-B18 | | | |
a) Bruttolønna til Ole denne månaden er kr 36 270.
b) Innbetaling til pensjonskassa denne månaden er kr 585.
c) Ole fekk utbetalt kr 22 838.
Nedanfor kan du sjå utrekninga i eit verkeleg rekneark.
I 2008 hadde Siv ei brutto årslønn på 365 600 kroner. Av dette var 39 100 kroner utbetalte feriepengar i 2008. Siv har rett til fem vekers ferie og har dermed ein feriepengesats på 12 %. Finn beløpet Siv får utbetalt i feriepengar i 2009. Gjer utrekningar både med og utan rekneark.
vis fasit
Oppgåva løyst med rekneark:
| A | B | C | D | | | |
---|
1 | Lønnsutrekningar for Siv | | | |
2 | | | | | | | |
3 | Inndata | | | | | | |
4 | Bruttolønn 2008 | 365600 | kr | | | | |
5 | Feriepengar 2008 | 39100 | kr | | | | |
6 | Feriepengesats | 12 | % | | | | |
7 | | | | | | | |
8 | Utrekning | | | | | | |
9 | Feriepengegrunnlag | 326500 | kr | =B4-B5 | | | |
10 | Feriepengar for 2009 | 39180 | kr | =B9*B6/100 | | | |
Oppgåva løyst manuelt:
Feriepengegrunnlag for feriepengar for 2009:
Feriepengar for 2009:
Nedanfor kan du sjå utrekninga i eit verkeleg rekneark.
Trond hadde sommarjobb i 4 veker. Han tente 5 500 kroner kvar veke.
a) Bruk teorien eller Internett og finn ut kor mykje Trond har rett til å få i feriepengar.
vis fasit
Går vi ut ifrå at Trond er yngre enn 60 år, har han rett på å få 10,2 % feriepengar. Arbeidsgivar kan også ha inngått ein avtale som gir Trond rett på 12 % feriepengar.
Med 10,2 % feriepengesats vil Trond få i feriepenger.
Med 12 % feriepengesats vil Trond få i feriepenger.
b) Bruk Internett og finn ut om Trond kan få utbetalt feriepengane rett etter han er ferdig med sommarjobben.
vis fasit
Trond har rett på å få utbetalt feriepengane rett etter at han er ferdig med sommarjobben dersom arbeidsforholdet tar slutt, dvs. ved ei oppseiing av arbeidsforholdet.