Hopp til innhald
Fagartikkel

Haldbarheit, oppbevaring og retur av legemiddel

Verkestoffet i legemiddel blir brote ned over tid, derfor har legemiddel avgrensa haldbarheit. For at legemiddelet skal ha den haldbarheita det er merkt med, må det bli oppbevart i samsvar med det som er tilrådd på pakninga.

Haldbarheit

Legemiddel kan utsetjast for ei rekkje forhold som kan føre til at dei ikkje verkar som dei skal eller får kortare haldbarheit. Døme på prosessar som kan påverke haldbarheita, er fukt, lys og høge eller låge temperaturar. Insulin vil til dømes bli øydelagt om det frys, noko som kan skje viss insulinpennar blir lagde lengst bak i eit kjøleskap. Ein bør òg unngå å oppbevare legemiddel på eit fuktig bad, i vindaugskarmen eller på toppen av kjøleskapet der temperaturen kan vere høg.

Flytande legemiddel, til dømes miksturar og augedropar, er meir utsette for nedbryting enn tablettar og kapslar. Desse har ofte kort haldbarheit etter at pakninga er opna. Dette finn du informasjon om i pakningvedlegget og i Felleskatalogen. I tillegg er desse legemiddelformene utsette for kontaminering, det vil seie at dei blir forureina av til dømes bakteriar under bruk.

Oppbevaring av legemiddel

Både reseptfrie og reseptpliktige legemiddel bør oppbevarast utilgjengeleg for andre. I heimen er det spesielt viktig at legemidla blir oppbevarte slik at ikkje barn kan få tak i dei.

I helseinstitusjonar er det strenge krav til oppbevaring gitt i legemiddelhandteringsforskrifta. Her blir legemiddel oppbevarte i eigne, låsbare medisinrom eller medisinskap med avgrensa tilgang og med inngangskontroll. På medisinrom har vi kontroll på både rom- og kjøleskapstemperatur.

Legemiddel skal oppbevarast i originalemballasjen. Unntaket er i dosett og multidose. Oppbevaring i original emballasje sikrar haldbarheit og identifikasjon av legemiddelet.

Retur av legemiddel

Vi må ikkje kaste gamle og ubrukte legemiddel saman med restavfall eller i anna søppel. For å minske miljøpåverknad og risiko for feilbruk skal vi levere legemiddel som ikkje er i bruk, til apoteket for destruksjon. Apoteka har plikt til å ta imot legemiddel og destruere dei på ein forsvarleg måte. Returordninga til apoteka er eit lukka system, det vil seie at legemidla ikkje kan kome på avvegar etter at du har levert dei inn. Apoteka leverer legemidla tilbake til grossisten, og dei sørgjer for at legemidla blir destruerte ved høg temperatur på eit forbrenningsanlegg. Det er eigne retningslinjer ved innlevering av legemiddel i reseptgruppe A og B.

Dette bør leverast inn på apoteket:

  • legemiddel som er gått ut på dato

  • restar av legemiddel som ikkje skal nyttast

  • legemiddel som er seponerte og ikkje skal nyttast meir

Dersom du kastar legemiddel i vanleg søppel, toalettet eller i vasken, kan det føre til uønskte utslepp i naturen. Fleire legemiddel blir ikkje fanga opp når vatnet blir reinsa, og dei kan dermed ende opp i hav og innsjøar der dei kan påverke organismar i vatnet.

Utfordringar til deg

  1. Kvar blir legemiddel oppbevarte heime hos deg?

  2. Kvifor er det viktig å oppbevare legemiddel i originalemballasjen?

  3. Kvifor skal du ikkje nytte legemiddel som er gått ut på dato?

Kjelde

Helsenorge. (2021, 7. januar). Haldbarheit, oppbevaring og retur av medisinar. https://www.helsenorge.no/medisiner/medisiner-holdbarhet-og-oppbevaring/

Relatert innhald