Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva kan du om legemiddelhandtering?

Medisinering av pasientar er eit stort ansvar. Feilmedisinering, biverknader og interaksjonar kan i verste fall føre til tap av liv. Det er derfor viktig at du som helsefagarbeidar har gode kunnskapar innanfor fagområdet legemiddel.
Nærbilete av tablettar med delestrek i forpakning. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Individuelle oppgåver

  1. Kva er eit legemiddel?

  2. Forklar kva det vil seie at eit medikament har systemisk eller lokal verknad.

  3. Gi døme på medikament som verkar systemisk, og medikament som verkar lokalt.

  4. Kvifor er det viktig at du som helsefagarbeidar har kunnskap om verknad og biverknader av eit medikament?

  5. Kvifor er det viktig å observere særleg dei eldre for å sjå etter biverknader?

  6. Gi døme på biverknader eit legemiddel kan gi. Bruk gjerne pasientutgåva av Felleskatalogen og slå opp på legemiddel du kjenner til.

  7. Kva er ditt ansvar som helsefagarbeidar dersom du oppdagar avvik i bruk av legemiddel?

  8. Kva seier pasientrettslova paragraf 4A om samtykke og bruk av tvang ved legemiddelhandtering?

  9. Leiaren for verksemda skal vurdere kompetansen til den enkelte helsefagarbeidaren og har ansvaret for at forskriftene for medikamenthandtering blir følgde. Kva inneber det for deg som helsefagarbeidar at du har kompetanse til å handtere legemiddel?

  10. Korleis kan du som helsefagarbeidar observere verknad og biverknader av eit medikament? Kvifor er det viktig for deg som helsefagarbeidar å ha kunnskap om dette?

  11. Eldre pasientar har ofte vanskeleg for å svelgje tablettar.

    1. Kva kan vere årsaka til det?

    2. Korleis kan vi på best mogleg måte administrere medikament til eldre menneske?

Gruppeoppgåver

  1. Lag ein plakat av menneskekroppen. Merk av på plakaten kva område som kan behandlast med ulike legemiddel. Kva former for legemiddel kan nyttast på dei avmerkede stadene?

  2. Legemiddel blir delte inn i ulike administrasjonsformer. Lag ein plakat som viser dette. Bruk bilete og illustrasjonar.

  3. Vi skil mellom reseptfrie og reseptpliktige legemiddel. Lag ei oversikt over nokre av dei mest nytta reseptfrie legemidla, og presenter dei på ein plakat eller i eit hefte. Bruk pasientutgåva av Felleskatalogen eller Pasienthandboka og finn ut kva verknader og biverknader dei ulike reseptfrie legemidla har.

  4. Søk på internett om bruk av velferdsteknologi i medisinering. Lag ein digital presentasjon om kva hjelpemiddel som finst for elektronisk medisindispensering, og korleis desse fungerer.

CC BY-SASkrive av Birgit Flaten, Ingrid Schiefloe Myhre, Marit Smith Sørhøy og Helene Grotle.
Sist fagleg oppdatert 29.11.2021

Læringsressursar

Legemiddelhandtering