Hopp til innhald

Fagstoff

Verknader og biverknader av legemiddel

Som helsefagarbeidar blir det forventa at du har kunnskapar om ulike sjukdommar, og at du set deg inn i kva legemiddel pasienten tek. Du skal òg vite kva legemiddelet hjelper for, og kva som kan vere biverknader ved inntak av det aktuelle medikamentet.
Mannleg helsefagarbeider rekkjer ei lita krukke med krem til ei eldre kvinne som har eit handkle festa på brystet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bruk av legemiddel

Legemiddel kan bidra til betre helse og auka livskvalitet, mens feil bruk av legemiddel kan føre til helseproblem. Legemiddel er stoff, oftast kjemiske middel, som blir nytta for å førebyggje, kurere, lindre eller påvise sjukdom.

  • førebyggje: til dømes blodfortynnande legemiddel for å forhindre blodpropp

  • kurere: til dømes antibiotika ved lungebetennelse

  • lindre: til dømes smertestillande medikament ved hovudverk og skadar

  • påvise: til dømes kontrastmiddel ved røntgen for å påvise svulst eller blødingar

Biverknader og interaksjonar ved bruk av legemiddel

Biverknader er uønskte verknader av legemiddel. Vi kan få biverknader av legemiddelet på grunn av allergi, eller viss vi tek legemiddelet på feil måte eller for stor dose. Ein kan òg få biverknader fordi legemiddel blir tekne saman med andre medikament som påverkar kvarandre. Dette blir kalla interaksjonar.

Ulike biverknader

Biverknader kan oppstå rett etter at ein startar med eit legemiddel, eller etter nokre veker. Dei ulike typane biverknader er beskrivne i pakningvedlegget som er informasjon til brukaren. Denne informasjonen om alle typar legemiddel er òg tilgjengeleg digitalt på nettsidene til Felleskatalogen. Det er fleire typar biverknader:

Føreseielege biverknader:
Ved oppstart av eit nytt legemiddel kan ein forvente enkelte kroppslege reaksjonar ut frå korleis legemiddelet verkar. Til dømes vil legemiddel mot høgt blodtrykk kunne gi svimmelheit og føre til fall. 80 prosent av alle biverknader er i denne gruppa.
Ikkje-føreseielege biverknader:
Dette er ein reaksjon som ein ikkje kan forvente ut frå verknaden av eit legemiddel, til dømes ein allergisk reaksjon. Desse er sjeldne og ofte alvorlege.
Seinbiverknader:
Dette er biverknader som kjem etter avslutta behandling, til dømes nerveskadar etter cellegiftbehandling.

Ulike typar biverknader som kvalme, utslett og diaré er vanlege og ofte ufarlege. Enkelte biverknader kan vere så plagsame for pasientane at dei sluttar med viktige legemiddel. Hos eldre kan biverknader ofte bli oppfatta som ein del av normal aldringsprosess, og dei blir ofte oversette. Endringar du må vere merksam på, er forvirring, falltendens, søvnigheit, kvalme, diaré, blødingar, stivleik i kroppen, skjelvingar og gløymske.

Ansvaret ditt som helsefagarbeidar

Du som helsefagarbeidar har eit viktig ansvar for å observere når det er endringar hos pasienten etter oppstart av legemiddel og ved endring av dosering. Du er mykje saman med pasienten og er ofte den som kjenner pasienten best. Du har derfor eit unikt høve til å observere endringar hos pasienten. Mange pasientar kan ikkje gi uttrykk for dette sjølve og er avhengig av deg og observasjonane du gjer når du er saman med pasienten. Du viser omsorg og ansvar for pasientane ved å melde frå om observasjonane dine til ansvarshavande sjukepleiar/vernepleiar, og det er òg viktig å få med alle endringar i rapport og dokumentasjon.

Kva biverknader skal du observere?

Ein del pasientar nyttar ofte fleire legemiddel samtidig for ulike sjukdommar. Det blir forventa at du set deg inn kva legemiddel pasientane du har ansvar for, nyttar, og kva ein kan forvente av verknader og biverknader av dei aktuelle legemidla. I tabellen under finner du ei avgrensa oversikt over legemiddel ved ulike sjukdommar og kva for nokre mogleg biverknader som kan oppstå.

Vanlege biverknader ved legemiddel

Legemiddel ved ulike sjukdommar

Observasjon av biverknader

blodtrykkssenkande legemiddel og legemiddel mot hjartesvikt

svimmelheit, ustøleik og falltendens

blodfortynnande legemiddel

blødingar og blåflekkar

betennelsesdempande legemiddel

mørk avføring og magesmerter

antipsykotika

stivheit og rørsleforstyrringar

roande legemiddel og sovemiddel

apati, redusert kognitiv funksjon og falltendens

antibiotika

diaré og utslett

sterke smertestillande legemiddel

forvirring, døsigheit og forstopping

legemiddel ved kols og astma

sopp i munnhòla, hjartebank og hås stemme

Parkinson-medikament

hallusinasjonar

legemiddel-plaster

hudreaksjonar

Utfordringar til deg

  1. Kva observasjonar har du gjort av legemiddel på praksisstaden din?

  2. Kvifor er det nødvendig å observere både verknad, biverknader og manglande effekt av legemiddel?

  3. Kvifor er det viktig at pasientar opplyser om naturprodukt dei nyttar saman med legemiddel?

Kjelder

Forskrift om legemiddelhåndtering for virksomheter og helsepersonell som yter helsehjelp. (2008). FOR-2008-04-03-320. Lovdata. https://lovdata.no/forskrift/2008-04-03-320

Gombos, A. (2020). Legemiddellære. Fagforbundet. Elektronisk utgåve. https://www.pleiar.no/handbok/legemiddelhandtering/forord

Norsk legemiddelhandbok. (2020). Legemiddelkapitlene. Henta 20. oktober 2021 frå https://www.legemiddelhandboka.no/l/legemiddelkapitlene

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Helene Grotle.
Sist fagleg oppdatert 05.12.2023

Læringsressursar

Legemiddelhandtering