Hopp til innhald

Fagstoff

Legemiddel

Bruk av legemiddel er strengt regulert via lover og forskrifter. I helsepersonellovgivinga gjeld dei same retningslinjene for alle legemiddel, uavhengig av om dei kan kjøpast med eller utan resept.
Nærbilete av flytande legemiddel i målebeger. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Definisjon

Legemiddelverket definerer legemiddel på denne måten:

Et legemiddel er ethvert stoff, droge eller preparat som

1. utgis for å være egnet til å forebygge, lege eller lindre sykdom, sykdomssymptomer eller smerter, eller påvirke fysiologiske funksjoner hos mennesker eller dyr; eller

2. kan anvendes eller gis til mennesker eller dyr for å gjenopprette, endre, eller påvirke fysiologiske funksjoner, eller for å påvise sykdom.

(Legemiddelverket, 2020)

Reseptpliktig legemiddel

Reseptpliktige legemiddel må vere skrivne ut av lege, tannlege eller veterinær. Legemiddelet er bak skranken, og det skal førast dobbeltkontroll på at rett legemiddel blir gitt til rett pasient frå apoteket. Resepten er som oftast elektronisk, og legemiddelet kan hentast ut i alle apotek. På resepten står namnet, fødselsdatoen og personnummeret til pasienten, namn og styrke på legemiddelet og korleis ein skal nytte det. Når du hentar ut legemiddelet, må du legitimere at du er rett person. Du får òg gode råd om bruk av legemiddelet, og du kan stille spørsmål. Dersom du skal hente legemiddel for andre, må du ha med fullmakt frå personen du hentar for, og legitimere deg.

Ein resept er gyldig i eitt år frå utskrivingsdatoen. Unntaket er reseptar på p-piller, som er gyldige i tre år. Dersom legen har skrive det på resepten, kan ein hente ut legemiddelet fleire gonger på same resept. Dette blir kalla at resepten er reiterert. Reit 3 betyr til dømes at ein kan få den mengda legemiddel som legen har skrive ut, utlevert fire gonger.

Dei aller fleste reseptane er elektroniske. På helsenorge.no kan du finne oversikt over kva e-reseptar du har, og kva legemiddel du har fått dei siste tre åra.

Blå resept

Blåreseptordninga sørgjer for at staten dekkjer store delar av utgifter til legemiddel, næringsmiddel og medisinsk forbruksmateriell når det er behov for behandling av sjukdom i ein langvarig periode. For legemiddel på blå resept betaler ein berre ein eigendel med eit maksimumsbeløp same kva legemiddelet eigentleg kostar.

Kor stor eigendelen skal vere, blir fastsett kvart år. Når ein har betalt denne summen, får ein frikort for resten av året og betaler dermed ikkje eigendel for resten av kalenderåret. Ein kan hente ut legemiddel for tre månaders forbruk om gongen.

Kvit resept

Legemiddel til kortvarig bruk og A- og B-preparat blir skrivne ut på kvit resept, og pasienten må sjølv betale det legemiddelet kostar.

Reseptpliktige legemiddel blir delte inn i ulike utleveringsgrupper: A, B og C. Legemiddel som kan leverast ut utan resept, er i gruppe F. Det er knytt ulike krav til dei ulike gruppene.

Legemiddel i gruppe A og B får ein i hovudsak ikkje på blå resept. Det er likevel unntak ved behandling av døyande pasientar. Det er legemiddelverket som bestemmer kva legemiddel ein kan få på blå resept.

Legemiddel i gruppe A (A-preparat)

Legemiddel i denne gruppa er narkotiske legemiddel som er sterkt vanedannande og har eit stort potensial for misbruk. Døme er morfin og andre opiat.

Oppbevaring, omsetnad og sal av slike legemiddel er underlagt streng kontroll.

Legemiddel i gruppe B (B-preparat)

Desse legemidla er òg vanedannande, men ikkje i same grad som A-preparat.

Døme er sterke smertestillande medikament, roande middel og sovemedisinar.

Legemiddel i gruppe C

Desse legemidla er alle andre reseptpliktige legemiddel på marknaden. Døme er antibiotika, blodtrykksmedisinar og p-piller.

Det hender at legemiddel går frå å vere eit C-preparat til å bli definert som eit B- eller A-preparat. Eit døme på dette er legemiddelet Lyrica, som blir nytta mot epilepsi og smerter og opphavleg var klassifisert som eit C-preparat. Etter ei tid på marknaden oppdaga ein at dette legemiddelet kan misbrukast, og det blir no registrert som eit B-preparat med strengare reglar for kontroll.

Reseptfrie legemiddel

Reseptfrie legemiddel er legemiddel som blir rekna som trygge og eigna for bruk utan tilsyn av helsepersonell, og forbrukarane kan kjøpe dei utan resept. Vi kan kjøpe reseptfrie legemiddel i apotek, daglegvarehandel, på enkelte kioskar og bensinstasjonar. Døme på reseptfrie legemiddel er legemiddel til behandling av smerte og feber, mage-tarm-plager og røykeavvenningsmiddel med nikotin. Nokre av desse legemidla er berre reseptfrie i dei minste pakningstorleikane. Til dømes kan ein få kjøpt 20 tablettar paracetamol utan resept, mens ei pakning på 50 tablettar krev resept.

Det hender at tidlegare reseptfrie legemiddel blir reseptpliktige når det blir oppdaga at dei kan gi alvorlegare biverknader enn ein tidlegare har vore klar over. Eit døme på dette er legemiddelet Voltarol tablettar og kapslar, som vart reseptpliktig 1. november 2021 etter å ha vore reseptfritt inntil då.

Mannleg farmasøyt bak disken hjelper kundar i eit apotek. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjøp og sal av legemiddel

Sal av legemiddel utan resept er omdiskutert, men tilgjengelegheit og moglegheit for eigenomsorg i tillegg til at dette avlastar helsevesenet, er viktige faktorar. Ved kjøp av reseptfrie legemiddel i apotek er det krav om at ein skal få rettleiing i bruk frå tilsette i apoteket. På andre utsalsstader skal ein ikkje få informasjon, då personellet ikkje har kompetanse på rettleiing i bruk av legemiddel. At forbrukarar får kjøpt legemiddel der dei kjøper mjølk og brød, kan vere med på å ufarleggjere bruk av legemiddel og bidra til auka forbruk.

Det er viktig å vere klar over at òg dei legemidla vi får kjøpt utan resept, er potensielt svært skadelege ved overforbruk. Paracetamolforgiftingar er til dømes ikkje heilt uvanleg.

Vi kan òg bestille legemiddelet digitalt. Vi kan logge inn via ID-porten på helsenorge.no og sjå dei faste legemidla våre. Der blir alle reseptar som er registrerte viste, med biletet av legemiddelpakninga og pris. Vi får valet om vi vil hente det klargjorde legemiddelet i ønskt apotek eller få det sendt heim.

Viktig omgrep

Det er nokre viktige omgrep som ofte blir nytta innanfor legemiddelhandtering, og desse er det viktig at du som helsefagarbeidar kjenner til.

ordinering:
avgjerda til legen om oppstart av eit legemiddel eller endring av dose
indikasjonar:
kva legemiddelet skal nyttast mot
dosering:
kor mykje, kor ofte og på kva måte eit legemiddel blir gitt
halveringstid:
kor lang tid det tek før halvparten av legemiddelet er ute av kroppen
cave:
viktig informasjon om eit legemiddel pasienten ikkje skal ha
compliance:
blir nytta for å beskrive i kva grad ein pasient nyttar legemiddelet som avtalt med legen, til dømes om pasienten tek legemiddelet til riktig tid, og i riktig dose og fullfører behandling
seponering:
slutte med eit legemiddel
faste legemiddel:
legemiddel pasienten skal ha regelmessig/fast
legemiddel ved behov:
legemiddel pasienten tek berre av og til
profylaktisk:
førebyggjande
biverknader:
ein uønskt effekt av eit legemiddel
systemisk verknad:
legemiddel har effekt i heile kroppen
lokal verknad:
legemiddel verkar på eit avgrensa område, til dømes salve
interaksjonar:
når to legemiddel som blir nytta samtidig, påverkar kvarandre. Kan medføre både auka og redusert effekt.
anbrot:
når ein opnar ei ny pakning av eit legemiddel

Utfordringar til deg

  1. Kva betyr det at nokon legemiddel er på blå resept?

  2. Kva legemiddel kan du få kjøpt andre stader enn i apotek?

  3. Kva er fordelar og ulemper med sal av legemiddel i daglegvarebutikkar? Diskuter med ein medelev.

Kjelder

Repseptregisteret. (2003). Forskrift om innsamling og behandling av helseopplysninger i Reseptbasert legemiddelregister. (FOR-2003-10-17-1246). Lovdata. https://lovdata.no/forskrift/2003-10-17-1246

Folkehelseinstituttet. (2020, 23. juli). Om Reseptregisteret. https://www.fhi.no/hn/helseregistre-og-registre/reseptregisteret/om-reseptregisteret/

Pleiar.no. (u.å.). 1.2. Legemiddelgrupper og resepttyper. Henta 1. november 2021 frå https://www.pleiar.no/handbok/legemiddelhandtering/del_1/legemiddelgrupper_og_resepttyper

Norsk legemiddelhåndbok. (2020). Legemiddelkapitlene. Henta 20. oktober 2021 frå https://www.legemiddelhandboka.no/l/legemiddelkapitlene

Statens legemiddelverk. (2020, 28. juni). Definisjon på ulike typer legemiddel. https://legemiddelverket.no/godkjenning/klassifisering/hva-er-et-legemiddel-#legemiddeldefinisjon

Statens legemiddelverk. (2021, 29. juni). Voltarol (diklofenak) tabletter og kapsler blir reseptpliktig fra 1. november. https://legemiddelverket.no/nyheter/diklofenak-tabletter-og-kapsler-blir-reseptpliktig

Relatert innhald

Lov om helsepersonell m.v. (helsepersonellova) er ei lov som skal bidra til tryggleik, kvalitet og forsvarlegheit av tenestene.

CC BY-SASkrive av Helene Grotle og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 01.12.2021

Læringsressursar

Legemiddelhandtering