Hopp til innhald

Fagstoff

Hjelpemiddel ved utdeling av legemiddel

Dosetter og multidose er gode hjelpemiddel for å halde oversikt over kva legemiddel som skal takast til bestemde tider. Det finst òg hjelpemiddel for dosering av legemiddel og for å gjere det enklare å ta tablettar.
Fleire ulike tablettar i ei hånd som held ein dosett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dosett/doseringseske

Ein dosett er eit godt hjelpemiddel når brukaren har mange legemiddel, fordi det gir kontroll og oversikt over legemiddelbruken. Det er òg praktisk når helsevesenet har ansvar for medisineringa.

Multidose

I kommunale helsetenester har ein i stor grad gått over til multidosepakka legemiddel. Dette er den nye, moderne dosetten, og det er maskinelt pakka dosar hos ein profesjonell multidoseprodusent. Multidosane kjem på rull, vanlegvis med ein dosepose for kvart doseringstidspunkt. Posane er merkte med namn, fødselsdato og klokkeslett for inntak i tillegg til namnet på legemidla, styrke og dose.

Nærbilete av doseringsposar med ein tablett og to kapslar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Doseringsreiskapar

Målebeger, måleskje eller sprøyter er hjelpemiddel for å måle opp korrekt mengde legemiddel i flytande form. Miksturar blir ofte doserte i milliliter (ml).

Tablettdelar og tablettknusar

Tablettar kan vere store eller vanskelege å svelgje. Ein del tablettar, til dømes depottablettar eller enterotablettar og -kapslar, må svelgjast heile for at dei skal gi ønskt effekt. Andre kan delast eller knusast utan at det påverkar effekten.

Ein tablettdelar er ein nyttig reiskap viss tabletten skal delast i to eller fire ulike delar (dette føreset delestrek eller delekors).

Ein tablettknusar er praktisk dersom det er nødvendig å knuse tablettane. Hugs alltid å sjekke først om legemiddelet kan knusast. Hugs òg å gjere utstyret reint etter bruk for å forhindre at andre blir eksponerte for legemiddelrestar. For pasientar med multidosepakka legemiddel kan ein knuse legemidla direkte i posen. Ver merksam på at legemiddel tilsett i mat eller drikke kan føre til at dette smaker vondt.

Tablettovertrekk og svelgje-gel

Det finst òg tablettovertrekk som gir tabletten ei glatt overflate, slik at han blir lettare å svelgje hel. Tablettovertrekk er ein gelatinfilm med smak av sitron som blir lagd utanpå tablettar eller kapslar slik at dei blir glatte. Dette gjer dei lettare å svelgje, og eventuell vond smak blir kamuflerte utan at effekten blir påverka. Eit anna alternativ er å ta tablettane eller kapslane med ei skei med svelgje-gel som maskerer ubehageleg smak og gjer det enklare å svelgje legemidla. Dette blir brukt i hovudsak til barn.

Utfordringar til deg

  1. Kva pasientgrupper kan ha problem med å svelgje tablettar?

  2. Korleis kan du finne ut om ein tablett kan delast eller knusast?

  3. Kva legemiddel i flytande form kjenner du til?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Helene Grotle og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 24.11.2021

Læringsressursar

Legemiddelhandtering