Ein profesjonell helsefagarbeidar
- Lag ei stikkordliste med det du tenker er viktige kunnskapar, ferdigheiter og haldningar for ein helsefagarbeidar.
- Samarbeid i grupper og lag eit tankekart over nødvendige eigenskapar for ein profesjonell helsefagarbeidar.
- Ta kontakt med helsefagarbeidarar og lærlingar på praksisstaden dykkar, og finn ut kva dei legg i omgrepet profesjonell helsefagarbeidar. Lag ei oppsummering av svara de får.
Lag ein digital presentasjon der alle på gruppa bidreg med refleksjonane sine om kva det vil seie å vere ein profesjonell helsefagarbeidar.
Å vere profesjonell inneber at du må ta omsyn til faglege og etiske retningslinjer og dessutan lovverk og reglar på arbeidsstaden. Helsetenesta er eit fleirkulturelt arbeidsmiljø, og du må ha kulturell kompetanse og vise respekt for kollegaer og brukarar med annan kulturell bakgrunn enn deg sjølv.
Reflekter individuelt og i grupper over desse spørsmåla:
FHI tilrår i handhygienerettleiaren at helsepersonell som jobbar med kliniske oppgåver, nyttar arbeidsuniformar som ikkje er til hinder for reingjering av hender og handledd, og underarmar dersom det er behov for det. Kva kan vere årsaker til at FHI har brukt omgrepet "bør" i staden for "skal" om korte ermar på arbeidsantrekk?
Likestillings- og diskrimineringsombodet har slått fast at det ikkje er lov å nekte helsepersonell å bruke religiøse symbol med mindre det kjem i konflikt med sikkerheit, helse eller hygiene, og at dette må vurderast i kvart enkelt tilfelle. For enkelte arbeidstakarar kan tilrådinga om korte ermar komme i konflikt med kulturelle eller religiøse reglar om kledning. Korleis blir dette praktisert på praksisstaden din?
Finn døme på liknande problemstillingar som de har opplevd i praksis. Korleis kan arbeidsoppgåver leggast til rette for å unngå at profesjonalitet og fagleg forsvarlegheit kjem i konflikt med kulturelle og religiøse verdiar?
Folkehelseinstituttet. (2017, 13. februar). Fingerringer, armbåndsur, armbånd og arbeidsantrekk. I Håndhygieneveilederen. https://www.fhi.no/nettpub/handhygiene/i-praksis/ringer-og-arbeidsantrekk/
Likestillings- og diskrimineringsombodet. (2012). Religiøse symboler på sykehus. https://www.ldo.no/arkiv/nyheitsarkiv/nyheter-i-2012/religiose-symboler-pa-sykehus/
Relatert innhald
For å vere ein profesjonell fagarbeidar må du ha den kompetansen som er nødvendig.
I helsevesenet er det krav om arbeidsklede fordi det er ein del av dei basale smittevernrutinane.