Hopp til innhald
Film og filmklipp

Helsefagarbeidaren og kompetanse

Som profesjonell helsefagarbeidar må du ha den kompetansen som er naudsynt for å oppfylle krava til kvalitet og fagleg forsvarlegheit i yrkesutøvinga di. Det er mange moglegheiter til å byggje på kompetansen din som helsefagarbeidar for møte både ditt og arbeidsstaden sitt behov for meir kunnskap.
Video: Terranova Media / Avgrensa bruksrett

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det aukande behov for fagleg kompetanse og utdanning i helse- og omsorgstenestene?
  2. Diskuter i klassen: Kva er det viktig at de som profesjonelle helsefagarbeidarar har kompetanse om, for å utøve arbeidet dykkar på ein fagleg forsvarleg måte?


Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Fagskuleutdanning

Oppgåve om fagskuletilbodet innan helse-og oppvekstfag.

Oppgåver og aktivitetar
Yrke med høgare utdanning

Oppgåve om yrkesgruppene innan helse-, sosial- og oppveksttenestene med utdanning frå høgskular og universitet.

CC BY-SA 4.0Skrive av Vigdis Haugan. Rettshavar: Terranova Media
Sist fagleg oppdatert 22.10.2020