Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva kan brukaren bestemme?

Pasientar, brukarar og pårørande skal bli høyrde og verdsette, og dei skal ha tillit til helse- og omsorgstenestene. Dette er nedfelt i lov om pasient- og brukarrettar. Det skal bli lagt stor vekt på medbestemming i eige liv.
Lege snakkar med eit barn som er saman med mor si. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Begge foreldra til Ina vil gjerne overnatte på sjukehuset der Ina skal leggjast inn for blindtarmoperasjon. Ina er ti år. Kva seier pasient- og brukarrettslova om barn i sjukehus?
  2. Hanna er 45 år og har eteforstyrringar. Du er helsefagarbeidar i jobbar i heimetenesta i kommunen. Ein dag du besøkjer Hanna, seier ho at ho ikkje har ete på fleire dagar. Du vil at Hanna skal til legen. Hanna vil ikkje dette, ho er redd ho blir lagd inn på sjukehus. Kva seier pasient- og brukarrettslova om Hanna sin rett til å seie nei til å bli med til legen?
  3. Adam har fått diagnosen kreft. Han har rett på habilitering no som han er ferdig med kreftbehandlinga. Som helsefagarbeidar på avdelinga der Adam skal vere i tre veker, får du vite at han har ein individuell plan og ein koordinator.
    1. Lag tre spørsmål du vil stille koordinatoren.

    2. Gå i grupper og finn svara på spørsmåla de har laga. Presenter for klassen.

Relatert innhald

Brukarmedverknad inneber at det skal bli lagd stor vekt på kva pasienten eller brukaren ønskjer, i utforminga av tenestetilbodet.

CC BY-SASkrive av Hege Nikolaisen.
Sist fagleg oppdatert 11.11.2020

Læringsressursar

Regelverk og fagleg forsvarlegheit