Hopp til innhald
Oppgåve

Kva seier helsepersonellova?

Som autorisert helsepersonell skal du følgje helsepersonellova. Lova skal bidra til tryggleik og kvalitet i helse- og omsorgstenestene.

Oppgåver

  1. Beskriv opplæringsløpet ditt. Korleis og når kan du søkje om autorisasjon som helsefagarbeidar?
  2. Statens helsetilsyn kan tilbakekalle autorisasjon. Kva betyr det?
  3. Som helsefagarbeidar skal du gjere deg kjend med helsepersonellova.
    1. Forklar med eigne ord kva føremålet med lova er.
    2. Gå saman i grupper og bli samde om ei god forklaring av føremålet med lova.
    3. Lag ein plakat som beskriv helsepersonellova.
  4. Kva blir meint med å skrive journal etter god yrkesskikk?