Hopp til innhald
Oppgåve

Kommunale helse- og omsorgstenester

I lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. kan du finne ut meir om oppgåvene til kommunane når det gjeld helse- og omsorgstenester, og rettane til desse tenestene for menneske som bur eller oppheld seg i kommunen.

Oppgåver

  1. Helse- og omsorgstenestelova legg vekt på sju ulike punkt for å gi innbyggjarane gode levevilkår.
    1. Bruk lenkja til lova som ligg som relatert artikkel, og finn ut kva lova seier om kvart av dei sju punkta.
    2. Skriv ned stikkord om kva plikter desse punkta gir deg som helsefagarbeidar.
    3. Diskuter stikkorda dine med medelevar.
  2. Gå inn på nettsida til kommunen din og finn ut korleis dei informerer om helse- og omsorgstenester som er under helse- og omsorgstenestelova.
    1. Kor enkelt er det å finne fram på nettsidene?
    2. Kvar finn du kontaktinformasjon til dei ulike tenestene?
    3. Korleis får innbyggjarane til kommunen tilgang til tenestene dei treng?
  3. Lag ein oversiktleg presentasjon over tenestetilbodet for helse- og omsorgstenester i kommunen din. Ta med informasjonen som bør vere med for at brukarane lett kan finne fram til det dei treng.

Relatert innhald