Oppgåve
Oppgåvene til spesialisthelsetenesta
Spesialisthelsetenesta har mange ulike oppgåver. Tenesta omfattar mellom anna sjukehusa, akuttmedisinsk behandling, medisinsk nødmeldeteneste, laboratoria, behandling av rusmiddelavhengige og transport av medisinsk personell.
- Nemn tre lover som spesialisthelsetenesta må følgje i arbeidet sitt i verksemdene.
- Som helsefagarbeidar kan du få lærlingplass og jobb innanfor spesialisthelsetenesta. Kva arbeidsplassar i nærleiken av bustaden din har spesialisthelsetenesta ansvaret for?
- Lag eit tankekart om spesialisthelsetenesta der du tek med viktige omgrep som ansvar, namn på verksemder du kjenner til, innhaldet og føremålet i lova. Du kan òg ta med døme på tenester som blir tilbydde, og kva yrkesgrupper som kan jobbe på dei ulike stadene.
I løpet av ein månad er du innom ulike stader. Kva for nokre av stadene er innanfor spesialisthelsetenesta?
- helsestasjon for ungdom
- fastlegen
- røntgen på poliklinikk på sjukehuset
- tannlegen
- Ein person er hardt skadd med akutte blødingar. Du tek deg av vedkomande og køyrer mot sjukehuset som er i nærleiken. Du kan berre vegen til hovudinngangen og meiner at det hastar. Du ringjer ein ven som seier de må oppsøkje legevakta i kommunen først.
- Kva gjer du og kvifor vel du denne løysinga?
- Gå saman i grupper og diskuter om de er samde i løysingane de har kome fram til.
- Kva seier spesialisthelsetenestelova om umiddelbar hjelp?