Hopp til innhald
Oppgåve

Pasient- og brukarrettar

Brukarmedverknad inneber at det skal bli lagd stor vekt på kva pasienten eller brukaren ønskjer, i utforminga av tenestetilbodet. Du som helsefagarbeidar må derfor kjenne til kva lovverket seier om brukarmedverknad for enkeltpersonar og brukargrupper.

Oppgåver

  1. Kva seier pasient- og brukarrettslova om desse temaa?
    1. rett til medverknad og informasjon
    2. informasjon til næraste pårørande
    3. tilfelle der pasienten eller brukaren er under 18 år
    4. tilfelle der pasienten eller brukaren ikkje har samtykkekompetanse
  2. Kva seier lova om retten til å klage?
  3. Kva er formålet med og oppgåvene til pasient- og brukarombodet?

Relatert innhald