Hopp til innhald
Oppgåve

Brukarorganisasjonar

Pasient- og brukarorganisasjonar jobbar for rettane til menneske med sjukdom og nedsett funksjonsevne. Brukarorganisasjonane har ein viktig funksjon i utforminga av tenestetilbodet innan helse og omsorg både på lokalt og nasjonalt nivå.

  1. Kva pasient- og brukarorganisasjonar kjenner du til?
  2. Lag ein presentasjon om ein brukarorganisasjon som held til i fylket ditt. Ta kontakt med organisasjonen eller bruk nettsida deira for å finne svar på desse spørsmåla:
    1. Kven er dette ein organisasjon for (kven kan bli medlemmer)?
    2. Kor mange medlemmer har dei?
    3. Kva jobbar dei med?
    4. Kva aktivitetar tilbyr dei for medlemmene sine?
    5. Korleis kan denne organisasjonen bidra til auka brukarmedverknad?