Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rapport frå nattevakta

Mykje har skjedd på avdelinga i løpet av natta. Du har hatt nattevakt og skal skrive rapport, og på rapportmøtet går du gjennom rapporten saman med dagvaktene. På møtet blir det òg tid til litt uformell prat.
Helsepersonell sit saman i rapportmøte. Fire personar ved eit bord, alle har papir framfor seg.  Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nokon av bebuarane på avdelinga

Sigrid

Sigrid er 80 år og småbrukarkone. Ho har mann, tre barn og sju barnebarn. Ho fekk hjerneslag for eit halvt år sidan og kan ikkje bu heime. Ho treng mykje hjelp, både til personleg hygiene, måltid og andre aktivitetar. Som følgje av hjerneslaget har ho motorisk afasi.

Anna

Anna er 73 år, overvektig og har diabetes type 2. Ho har nedsett syn og er dårleg til beins, men kjem seg fram med rullator. Ho kan ta vare på den personlege hygienen sin med god rettleiing, men synest at det er best å få hjelp.

Per

Per er 82 år og tidlegare lærar. Han er enkjemann og har to barn og fem barnebarn. Han er i god fysisk form, men har demens av Alzheimer-type og treng tilrettelegging ved personleg hygiene fordi han lett gløymer enkelte kroppsdelar.

Dette har skjedd i løpet av natta

  • Sigrid har sove roleg. Før ho sovna, fortalde ho deg at ho gleder seg til å få besøk av barnebarna på laurdag, og at svigerdottera hennar skal ha med kake.
  • Per har vore sjuk og har kasta opp to gonger. Etter den første gongen måtte du hjelpe Per med å skifte klede og òg skifte på senga hans. Den andre gongen vaska du han berre i ansiktet og på hendene då det ikkje kom særleg mykje oppkast på sengetøyet, og fordi ein annan bebuar vakna og kalla på deg. Då du kom tilbake til Per etterpå, sov han roleg, og du ville ikkje vekkje han.
  • Ei lyspære gjekk på vaktrommet, og du skifta ho. Du leita etter ei lommelykt for å finne fram i skapet der ekstra lyspærer ligg, men kunne ikkje finne lommelykta der ho skulle liggje.
  • Klokka 22.30 fekk du ein telefon frå ein kollega som lurte på om du kunne sjekke når han hadde vakt neste gong.
  • Anna har sove roleg, men vakna allereie klokka 04.30. Ho ønskte å stå opp og fekk hjelp til å setje seg i stolen på rommet sitt. Der sat ho og høyrde på radio ei stund. Seinare ønskte ho å leggje seg igjen, og ho har lege vaken sidan.
  • Ein bebuar hosta kraftig ei stund tidleg på morgonen. Du sjekka, men det såg ut til at han sov. Etter dette har han vore stille og sove roleg.
  • Du la saman tøy i ein roleg periode midt på natta.
  • I ei lomme på ei av buksene til Per fann du ein lapp som Pers son hadde skrive. På lappen stod det: "skilsmisse, testamente, hugs å snakke med advokat". Du la lappen i nattbordskuffa til Per.
  • Ein bebuar har sove dårleg og vore oppe og gått litt rundt på avdelinga. Du har snakka med ho. Ho fortalde om mannen sin, som døydde for eit par månader sidan, og om kor mykje ho saknar han. Ho gret og fortalde om bryllaupet deira for mange år sidan. Dei hadde hatt laks til middag, og mannen hadde halde ein nydeleg tale for ho.
  • Klokka 23.00 høyrde du nyheitene på radioen mens du åt kveldsmat. Akkurat då kom avdelingsleiaren innom for å hente noko, og de slo av ein prat. Avdelingsleiaren fortalde at de har ein elev frå Vg2 helsearbeidarfag, Ole, på avdelinga denne veka, og at han skulle på vakt neste morgon. Ho fortalde òg at dottera hennar er sjuk, og at ho sjølv kanskje må ta permisjon eit par dagar for å hjelpe dottera.

Oppgåver

  1. Skriv ein nattrapport med utgangspunkt i desse opplysingane. Vurder kva som bør vere med, og kva som ikkje bør vere med. Grunngi vala dine.
  2. Diskuter i klassen:
    1. Kva for nokre av hendingane i natt er det naturleg at personalet snakkar om på rapportmøtet om morgonen?
    2. Kva bør det ikkje snakkast om?
    3. Har det noko å seie at Ole, ein skuleelev, er til stades?
    4. Kva bør nattevakta seie om lappen som vart funnen i lomma til Per?
  3. Test deg sjølv: Gjer dra-og-slepp-oppgåva om rapport.
CC BY-SASkrive av Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 07.01.2021

Læringsressursar

Dokumentasjon av arbeidet