Dokumentasjon i arbeidet
Alle som yter helsehjelp, har plikt til å dokumentere arbeidet, og denne plikta skal sikre at brukarar og pasientar får fagleg forsvarleg og omsorgsfull helsehjelp. Dokumentasjonsplikta skal òg sikre personvern og brukarmedverknad.
Gå inn på lenkjene til helsepersonellova og pasientjournalforskrifta som ligg som relatert innhald, og lag ei kort oppsummering av kva lovverket seier om
krav til innhaldet i journalen
administrative opplysingar
opplysingar om helsa og helsetilhøva til pasienten
rett til innsyn
Lovverket om dokumentasjon handlar òg om å sikre personvernet. Kven skal ha tilgang til teiepliktig informasjon om ein brukar eller pasient?
Kva skal du dokumentere i rapporten din etter enda vakt?
På kva måte skal du dokumentere observasjonane dine og kva tiltak du har gjennomført?
Kvifor er det viktig å dokumentere tiltak som ikkje er gjennomførte hos ein brukar?
Kva er føremålet med å dokumentere arbeidet ditt? Diskuter først med ein medelev og deretter i klassen.