Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ein pedagogisk pleieplan

Ein pedagogisk pleieplan gir god øving i bruk av problemløysande metode. I denne oppgåva skal du kartleggje behov og ressursar, føreslå tiltak og grunngi dei ut frå den faglege kompetansen din.
Pleiar og eldre kvinne ser på fotoalbum saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ta utgangspunkt i situasjonsskildringa i fagartikkelen om problemløysande metode, om Sofie Olsen, eller ein brukar som du kjenner godt frå praksisstaden din.

Oppgåver

  1. Bruk den problemløysande metoden til å lage ein pedagogisk pleieplan for denne brukaren. Hugs faglege grunngivingar for tiltaka du føreslår.
  2. Gå saman i grupper.
    1. Kvar elev presenterer forslaget sitt til pleieplan for dei andre i gruppa.
    2. Diskuter dei føreslåtte tiltaka og grunngivingane for dei etter at kvar elev har presentert pleieplanen sin.
    3. Drøft korleis ein pleieplan kan vere nyttig for å planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere eige arbeid.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 12.01.2021

Læringsressursar

Dokumentasjon av arbeidet