Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Munnleg rapport

Når informasjon blir fortald frå person til person fleire gonger, kan han forandre seg undervegs. Korleis kan du kvalitetssikre opplysingar om brukarar for å unngå at det oppstår feil og manglar?
Helsepersonell som diskuterer. Fire personar på eit kontor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

  1. Gå saman i grupper på fire–fem elevar. Kvar gruppe skriv ei brukarhistorie.
  2. Ei gruppe går ut av klasserommet. Resten av klassen skal vere observatørar.
  3. Ein elev frå ei anna gruppe tek utgangspunkt i brukarhistoria frå gruppa si, og gir munnleg rapport til den første eleven som kjem inn i klasserommet.

    • Denne eleven skal så fortelje vidare til neste elev som kjem inn. Hald fram til alle dei som var ute, har fått rapporten og fortalt han vidare til neste elev.
    • Den siste eleven fortel rapporten til heile klassen.
  4. Gjenta øvinga slik at alle gruppene har vore ute av klasserommet, og alle historiene har vorte fortalde.
  5. Diskuter i klassen:
    1. Kva skjedde med rapporten undervegs i prosessen?
    2. Korleis kan vi kvalitetssikre ein munnleg rapport?
    3. Kva lærte de av denne øvinga?

Relatert innhald

Ifølgje lovverket har helsepersonell dokumentasjonsplikt – plikt til å gjere synleg det dei observerer og utfører knytt til ein pasient eller brukar.

CC BY-SASkrive av Wenche Heir og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 15.01.2021

Læringsressursar

Dokumentasjon av arbeidet