Molekyl har ulike former
![Molekylmodellar av fire ulike molekyl. Illustrasjon.](https://api.ndla.no/image-api/raw/WgYO7DHZ.png?width=1024)
Molekylform – atomtypar og elektronpar
For å bestemme forma til eit molekyl må vi vite kva atomtypar det er bygd opp av. Dette gir den kjemiske formelen oss informasjon om.
Døme:
Vatn har kjemisk formel . Vassmolekylet består av to hydrogenatom (H) og eitt oksygenatom (O).
Deretter må vi finne ut kor mange elektron atoma har i det ytste skalet sitt. Denne informasjonen kan vi finne i periodesystemet.
Døme:
Karbon (C) står i gruppe 14. Det siste sifferet i gruppenummeret er det same som talet på elektron i det ytste skalet.
Karbonatom har altså 4 elektron i det ytste skalet sitt.
Elektronpar fråstøyter kvarandre
Når vi skal fordele elektrona rundt atoma, kan vi legge merke til to ting:
- Elektron opptrer i par, to og to.
- Elektronpar fordeler seg slik at dei kjem så langt frå kvarandre som mogleg. I ytterskallet finst elektronpara anten som bindingar mellom atom eller som frie elektronpar.
For å få oversikt over korleis ytterelektrona fordeler seg, teiknar vi elektronprikk-strukturen til molekylet:
- Finn ut kor mange elektron dei ulike atomtypane i molekylet har i det ytste skalet sitt.
- Fordel elektron slik at atoma blir så stabile som mogleg. For oksygen, nitrogen og karbon betyr dette 8 elektron rundt kvart atom. Hydrogenatomet er stabilt med 2 elektron rundt seg.
VSEPR-modellen – elektronpar "avskyr" kvarandre
![Døme på VSEPR-modell av eit molekyl. Illustrasjon.](https://api.ndla.no/image-api/raw/JeNeVadF.jpg?width=1024)
Vi har allereie vore inne på at elektronpar som er rundt eit atom, vil fordele seg slik at dei kjem så langt unna kvarandre som mogleg. Dette blir kalla VSEPR-modellen.
Vi kan samanlikne dette med det som skjer når du knyter saman to oppblåste ballongar: Ballongane vil "peike" i kvar si retning. Du kan prøve å få ballongane til å liggje inntil kvarandre ved å halde dei fast, men med ein gong du slepp, så vil ballongane stille seg i motsett retning av kvarandre igjen.
Slik kan vi òg tenke oss at elektronskyene til kvart av elektronpara prøver å komme så langt frå kvarandre som mogleg.
Med utgangspunkt i elektronprikk-strukturen til eit molekyl bruker vi VSEPR-modellen og prøver å sjå for oss kva slags form molekyla har.
Slik kan du bestemme kva form eit molekyl har:
- Teikn elektronprikkstrukturen til molekylet.
- Tel opp elektronpar rundt det sentrale atomet.
- Bruk talet på elektronpar og VSEPR-modellen til å bestemme forma til molekylet.