Forsøk: Lag slim - Naturfag (SF) - NDLA

Hopp til innhald
Forsøk

Forsøk: Lag slim

Å lage slim er gøy, samtidig som det er eit fint høve til å undersøke eigenskapar til stoff og stoffblandingar.

Formål

I dette forsøket skal de lage slim med utgangspunkt i stoff de kjenner frå dagleglivet.

Utstyr

  • 1 dl kvitt trelim (som innhaldar PVA)

  • 1/2 teskei natron

  • linsevæske

  • rørepinne eller skei

  • begerglas eller annan behaldar

Framgangsmåte

  1. Hell trelimet i eit begerglas og rør inn natron.

  2. Drypp linsevæske oppi begerglaset samtidig som de rører rundt. Rør heilt til slimet slepper kantane på glaset.

  3. Bland inn nokre dropar konditorfarge for å få farge på slimet.

Oppgåver

  1. Ta slimet ut av begerglaset, leik med slimet og undersøk kva eigenskapar det har.

  2. Samanlikn eigenskapane til slimet med eigenskapane til dei enkelte stoffa de brukte for å lage slimet. Kva for likskapar og forskjellar er det?

  3. Finn ut kva som gjer at lim og linsevæske blir til slim. Kva funksjon har dei ulike ingrediensane?

  4. Lag slim i fleire omgangar, og varier mengda linsevæske. Kva oppdagar de? Kva skjer viss de ikkje tilset natron?

  5. Forsøk å lage eit slim som

    • er veldig slimete

    • held godt på forma

    • kan strekkast så langt som mogleg før det ryk

    • kan brukast som sprettball

    Hugs å notere kva for blandingsforhold de bruker til dei ulike slimtypane.

Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2022