Forsøk: Lag såpe - Naturfag (SF) - NDLA

Hopp til innhald
Forsøk

Forsøk: Lag såpe

Lag ei enkel såpe av feitt og lut.

Hensikt

Hensikta med forsøket er å lage ei såpe og undersøkje eigenskapane til den ferdige såpa.

Risikovurdering

I dette forsøket skal de varme opp olje og handtere lut med nokså høg konsentrasjon.

Framgangsmåte

  1. Varm opp 10 mL olivenolje til 35 °C i eit begerglas.
  2. Tilset 1–2 dropar parfyme.
  3. Tilset 3 mL 9 M NaOH.
  4. Røyr med skei i 20–45 minutt. Blandinga vil etter kvart bli meir tjuktflytande og ugjennomsiktig.
  5. Når blandinga har ein puddingaktig konsistens, kan du tilsetje 2–3 dropar av den fargen du ønskjer. Hald fram med å røre.
  6. Tilset litt stearinsyre (1/8 teskei). Stearinsyra gjer såpa hardare. Hald fram med å røre.
  7. Til slutt heller du såpe over i den forma du ønskjer.
  8. No held forsåpingsprosessen fram av seg sjølv. Såpa blir varmare og blir flytande igjen, før ho langsamt blir kaldare og tørr og hard. Såpa må liggje i minst 12 timar før ho er ferdig til bruk.

Resultat og diskusjon

  1. Såper er emulgatorer. Kvifor er dei det?
  2. Vask hendene med såpa du har laga. Skummar ho som vanleg såpe? Blir hendene dine like reine med denne såpa som med vanleg såpe? Forklar.
  3. Korleis kan du undersøkje kor godt denne såpa reingjer hendene dine?

    Skyl hendene dine godt etter at du har brukt såpa. Ho kan innehalde restar av NaOH.
  4. Forsåpingsreaksjonen skjer mellom ei syre og ein base. Kva stoff bidreg med syre? Kva er basen?
  5. Basen som blir brukt for å lage såpe må alltid innehalde eit hydroksid-ion (OH-). Finn ut om det er mogleg å lage såpe med andre basar enn NaOH.
  6. I emnet "Kropp og helse" lærer du om feitt. Kva er feitt bygd opp av? Kva er samanhengen mellom feitt og såpe?
  7. I figuren har såpemolekylet kapsla inn smuss og feitt.
  8. Kva del av såpa er vassløyseleg? Forklar.
  9. Kva del av såpa er feittløyseleg? Forklar.
  10. Kvifor måtte de røre så lenge for å lage såpe?
  11. Kvifor måtte såpa "godgjere" seg i formene, trur du?

    Trur du det har noko å seie kva type feitt som blir brukt når ein lagar såpe? Kvifor/kvifor ikkje?
  12. Når vi bruker såpe til å vaske til dømes klede med, så vil såpa danne kuleforma strukturar som blir kalla miceller.
    Finn ut kva som er kva på micellen i figuren under.

Kjelde

LibreTexts. 2019, 5. juni. Making Soap – Saponification (Experiment). Henta frå https://chem.libretexts.org/bookshelves/ancillary_materials/laboratory_experiments/wet_lab_experiments/general_chemistry_labs/online_chemistry_lab_manual/chem_9_experiments/123\\A_Making_Soap_-_Saponification_(Experiment)

Skrive av Thomas Bedin. Rettshavar: LibreTexts
Sist fagleg oppdatert 17.01.2020