Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva trur du om havforsuring?

To venner diskuterer havforsuring. Vurder påstandar dei kjem med og avgjer om du er samd eller usamd. Kva trur du om havforsuring?
Fekk du ikkje med deg alle meldingane? Her har vi skrive dei ned for deg:

Havforsuring kan øydelegge heile økosystem!

Dette er heilt vilt!

Ja, eg har høyrt at det er på grunn av klimaendringar. At klimaendringar gjer havet surare, liksom.

Surare? Det skjønner eg ikkje. Er ikkje havet salt, då?

Jo, men det kan jo vere surt samstundes. Kan det ikkje?

Kanskje det er på grunn av sur nedbør? Det gav forsuring på 1980-talet.

Det står at det har med karbondioksid å gjere, lenger ned i saka her.

Ja, CO₂ gir jo klimaendringar slik at havet blir varmare.

CO₂ er ein gass. Gassar kan ikkje vere sure.

Nja. Er ikkje CO₂ det same som kullsyre, då? Det høyrest i alle fall surt ut.

???

Oppgåve: Fakta og påstandar

  1. Kva er forskjellen på påstand og fakta?
  2. Ta utgangspunkt i tekstmeldingane over. Finn døme på påstandar i tekstmeldingane.
  3. Bruk kjeldene under "Ressurser" og undersøk om påstandane er sanne eller ikkje. Skriv inn påstandane i passande kategori i oversikta:
CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 16.12.2019

Læringsressursar

Modell av havforsuring