Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag modell om havforsuring

Etter at de no har de sett korleis havforskarar jobbar, og diskutert og fått fram idear om havforsuring, skal de byrje å byggje opp ein modell i SageModeler.
Fargerik fisk i korallrev. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Modell – første utkast

Modellen skal innehalde dei viktigaste faktorane som gjeld det sentrale spørsmålet: «Korleis påverkar CO₂ havet og organismane som lever der?»

Oppgåve

  1. Legg til dei faktorane de kjenner til (på dette tidspunktet).
  2. Lag koplingar mellom årsakene som påverkar kvarandre.
  3. Still inn kva samanheng det er mellom årsakene.

NB! På dette tidspunktet vil modellen sannsynlegvis vere veldig uferdig. Du får snart sjansen til å lære meir om havforsuring, og kan bruke kunnskapen til å forbetre modellen din, åleine og saman med andre. Etter fleire rundar med revurdering vil du få ein modell som blir betre.

Lag første utkast til modell (concord.org)

Utsnitt frå programmet SageModeler, som viser korleis ein kan byggje opp ein modell. Skjermdump.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

I par eller små grupper: Vis kvarandre modellane de har laga, og diskuter.

  1. Kva er bra med modellen?
  2. Kva for nokre forbetringar kan gjerast?
  3. Forklarer modellen det vi ønskjer å undersøkje?

Forslag til moment de kan diskutere:

  • Er variablane viktige for det sentrale spørsmålet?
  • Er variablane nøytrale og målbare?
  • Er riktige variablar kopla saman (påverkar den eine variabelen den andre?)
  • Er variablane kopla saman riktig (frå årsak til verknad?)
  • Er samanhengen mellom variablane slik de hadde tenkt (i kor stor grad påverkar den eine variabelen den andre?)
  • Påverkar variablane kvarandre direkte (sjå figur)?
  • Kva i modellen er de usikre på?
  • Finst det data som kan underbyggje gjettingar de har gjort?
Døme på samanheng mellom parametrar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Denne sida er ei omarbeidd utgåve av https://authoring.concord.org/sequences/429/sequence_run/47a6e45f7256c43149b570942a5af4376673dcc6?show_index=true


CC BY-NC-SASkrive av Tom Bielik, Dan Damelin og Steve Roderick. Rettshavarar: The Concord Consortium og CREATE for STEM Institute
Sist fagleg oppdatert 06.12.2019

Læringsressursar

Modell av havforsuring