Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er problemet med havforsuring?

Mange forskarar jobbar med å kartleggje kva som skjer med havet når CO₂-konsentrasjonen aukar. Bli med på eit forskingstokt der havforskarar ser nærare på havforsuring og korallrev langs norskekysten.

Sjå film om forskarar som jobbar med havforsuring:

Oppgåver til filmen

  1. Kvifor er ein overraska over at det finst korallrev langs norskekysten, trur du?
  2. Forskaren i filmen snakkar om å gjere gjettingar. Kva slags gjettingar trur du det er snakk om?
  3. Kva kallar vi gjerne slike gjettingar når vi jobbar med den vitskaplege arbeidsmåten?
  4. Korleis finn ein ut om ein gjettar riktig eller ikkje?
  5. Gi døme på noko forskarane ikkje veit om korallar.
  6. Kvifor er korallrev viktige økologisk sett?
  7. Kva konsekvensar trur forskarane at havforsuring kan ha?
  8. Kva konsekvensar kan havforsuring ha for oss menneske?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 25.11.2019

Læringsressursar

Modell av havforsuring