Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis blir havet påverka av CO₂ i lufta?

Jobb vidare med modellen din. Bruk det du har lært, til å gjere forbetringar.
Mann med snorkleutstyr festar eit nett på havbotnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva trur du om CO₂ i vatn?

Oppgåve 1

Skriv ei kort oppsummering av det du fann ut i forsøket med CO₂ og vatn:

  • Kan CO₂ overførast frå luft til vatn?
  • CO₂ blir frigjord til atmosfæren når vi brenner fossilt brensel. Med bakgrunn i det du har gjort: Korleis trur du CO₂ i atmosfæren kan påverke hava våre?

Gjer forbetringar på modellen din

Oppgåve 2

Legg til variablar og samanhengar ut frå det du no har lært om:

  • CO₂-kjelder i miljøet
  • korleis CO₂ kan overførast frå luft til vatn
  • CO₂-lager («noko» som tek opp CO₂ og lagrar det)

Gjer forbetringar i modellen (concord.org).

Hallo frå ALOHA!

Oppgåve 3. Analyser data frå ALOHA-stasjonen

Analyser dataa frå ALOHA-stasjonen. Dataa ligg i eit rekneark som du finn under «Tabellar».

Ved ALOHA-stasjonen har dei samla målingar av

  • CO₂-konsentrasjonen i vatn
  • surleiksgrada i vatnet
  • CO₂-konsentrasjon i luft

Prøv dykk fram, og lag grafar som viser samanhengen mellom ulike kombinasjonar av desse tre variablane.

Analyser data frå ALOHA-stasjonen i SageModeler (concord.org).

Oppgåve 4

Test modellen din, og køyr simuleringar. Når du køyrer ei simulering, blir det generert data som passar til dei vilkåra du har sett i modellen din.

Oppgåve 5

Lag grafar av dataa du får, og samanlikn dei med grafar basert på dataa frå ALOHA-stasjonen.

Oppgåve 6

  1. Vel eitt døme, og beskriv mønsteret du observerer mellom to ulike variablar.
  2. Bruk grafane der du har sett på samanhengane mellom to av desse variablane: CO₂ i atmosfæren, CO₂ i havet og surleiksgrad i havvatn.
  3. Er det mogleg å avgjere kva variabel som er «årsak» og kva variabel som utgjer «effekt»? Forklar svaret ditt.
  4. Bruk grafen frå modellen din, og samanlikn med tilsvarande graf laga på grunnlag av ALOHA-datamaterialet.
  5. Trur du modellen din beskriv samanhengen mellom CO₂ i lufta, CO₂ i havet og surleiksgrad i vatnet på ein nøyaktig måte?
  6. Forklar kvifor/kvifor ikkje.
  7. Vurder kva endringar du kan gjere i modellen din slik at den samsvarer betre med måledataa frå ALOHA.
  • variablar
  • samanhengar
  • ikkje noko
  • anna

Kan du, på grunnlag av grafane du har laga, gi ein konklusjon om samanhengen mellom CO₂-konsentrasjon i atmosfæren, CO₂-konsentrasjon i havet og surleiksgrada i vatnet?

Forklar korleis du kjem fram til konklusjonen din.

Er det framleis noko som er usikkert i modellen din?

Denne sida er ei omarbeidd utgåve av https://authoring.concord.org/sequences/429/sequence_run/47a6e45f7256c43149b570942a5af4376673dcc6?show_index=true

CC BY-NC-SASkrive av Tom Bielik, Dan Damelin og Steve Roderick. Rettshavarar: Concord Consortium og The CREATE for STEM Institute
Sist fagleg oppdatert 17.11.2019

Læringsressursar

Modell av havforsuring