Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forbetringar i modellen

Legg inn moglege løysingar på problemet i modellen, køyr simuleringar, og sjå om løysingane har ønskt effekt.
Ein forskar held fram eit mikroskoppreparat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Designe og teste løysingar

Oppgåve 1. Gjer endringar i modellen

Start med å gjere endringar i modellen slik at han inkluderer ei verkeleg løysing på problemet med havforsuring.

Gjer forbetringar i modellen din i SageModeler. (concord.org)

Ha desse spørsmåla i bakhovudet når du gjer endringar:

  • Kva effekt har du tenkt at løysingsforslaget ditt skal ha?
  • Korleis verkar tiltaket ditt slik du har sett det inn i modellen din?
  • Kva avgrensingar har forslaget du har brukt?


Oppgåve 2. Presenter modellen

Presenter den endra modellen din og dei føreslåtte løysingane for medelevane dine.

Pass på at du legg fram løysingsforslaga ved å beskrive ideen og korleis han er kopla til modellen, korleis variablane heng saman, og korleis heile modellen vil verke.

Presentasjonen din må innehalde ei simulering som viser korleis det føreslåtte tiltaket påverkar dei ulike variablane i modellen.

Ta vare på forslaga og kommentarane frå gruppa. Når du skal gjere dei siste endringane i modellen din, vurderer du tilbakemeldingane og byggjer inn dei som passar, i den endelege modellen din.

Denne sida er ei omarbeidd utgåve av https://authoring.concord.org/sequences/429/sequence_run/47a6e45f7256c43149b570942a5af4376673dcc6?show_index=true

CC BY-NC-SASkrive av Tom Bielik og Dan Damelin. Rettshavar: The Concord Consortium
Sist fagleg oppdatert 25.11.2019

Læringsressursar

Modell av havforsuring