Å vere arrangør
Eit arrangement består som oftast av fire delar:
- idé
- planlegging
- gjennomføring
- evaluering
Som servicemedarbeidar kan du fort bli spurd om å ta ansvaret for å arrangere møte, messer eller andre eventar i samband med jobben din. Omgrepet event blir ofte brukt som ei fellesnemning for jobbrelaterte arrangement som er litt større enn eit vanleg møte.
Uansett kva det er, krev det førebuingar og mykje planlegging for å sikre eit godt gjennomført arrangement. Og det er mange ting å tenkje på, alt etter kor stort arrangementet eller eventen skal vere.
Dette må du tenkje på
- overordna mål med arrangementet
- konsept til program
- underhaldning
- leige av lokale
- mat
- overnatting
- å ta gode miljøval med tanke på berekraft
- transport
Kva vil du at gjestane skal oppleve, og korleis kan du sikre at dei går nøgde heim? Hemmelegheita ligg ofte i planlegginga av detaljane og "det vesle ekstra".
Å planleggje ein event kan vere ei utfordring viss du ikkje heilt veit kvar du skal begynne. Kanskje har du erfaring med å planleggje ein og annan bursdagsfest, men det vil ikkje nødvendigvis seie at du enkelt kan planleggje møte, konferansar eller andre liknande eventar for bedrifta di. Det å planleggje ein event i næringslivet kan krevje mykje meir, og det kan stele tid frå dei arbeidsoppgåvene du eigentleg skal utføre.
Ein av hovudgrunnane til at ein har ein event, er det sosiale motivet. Arrangement i form av sommarfestar, julebord og jubileum blir ofte haldne for å gi noko tilbake til medarbeidarane. Likeins er det vel så mange arrangement som dreier seg rundt fagleg innhald, som til dømes konferansar eller foredrag. Mange ønskjer òg å bringe underhaldningsaspektet frå dei sosiale arrangementa inn i faglege konferansar og foredrag for å live opp ein lang dag i konferansesalen.