Hopp til innhald

Fagstoff

Tilgangskontroll

Stadig fleire bedrifter innfører tilgangskontroll. Å administrere tilgangskontrollen er ei arbeidsoppgåve som ofte er lagd til resepsjonen.
Ei hand held eit nøkkelkort opp til ein kortlesar med nummertastatur. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Med tanke på sikkerheit kan tilgangskontroll vere eit tiltak mot tjuveri, industrispionasje og i verste fall terrorhandlingar.

Med tanke på service kan god tilgangskontroll bidra til at gjestar raskt får kontakt med riktig person eller avdeling, og at møtet mellom dei kan følgjast opp med møterom, servering og andre tiltak.

Med tanke på drift kan tilgangskontroll gi moglegheit for å kople ID-kort til tids- og fråværeregistrering. Dessutan kan ein følgje med på kva tilsette som er til stades, slik at sentralbordet kan setje førespurnader over til tilsette som kan svare på dei.

Ein resepsjonsmedarbeidar som har godt system og god oversikt, kan lettare viderekoble førespurnader og vite kven som kan vere backup for dei som ikkje er til stades.

CC BY-SASkrive av Tove Knutsen.
Sist fagleg oppdatert 27.03.2020

Læringsressursar

Internservice