Ulike støttefunksjonar
Web-ansvarlege kan ha ansvar for å oppdatere web-sidene til bedrifta, ta imot førespurnader via dei og følgje opp sosiale medium.
Besøkshjelper følgjer aktivt opp dei besøkjande ved å ta kontakt med og følgje besøkjande til dei dei skal besøkje. Besøkshjelpene kan tilby lett servering og hjelpe til ved registrering.
IKT-støtte hjelper til med drift, brukarstøtte, opplæring og rådgiving i samband med IKT-løysingar og IKT-infrastruktur på arbeidsplassen. Dette inkluderer oppgåver som gjeld datasikkerheit og tilgangar.
Brann- og førstehjelpsansvarleg har eit spesielt ansvar ved brann og ved behov for førstehjelp.
Møteromsvert er ei rolle som minner mykje om rolla til kurs- og konferansevertar på hotell. Oppgåver som registrering, teknisk støtte og lett servering sikrar kvaliteten på interne møte i bedrifta.
Kantina kan levere mat til møterom, dekkje til lunsjmøte og bidra til kvalitetsopplevinga.
Dokumentasjonssenter kan du finne i store verksemder. Det inneheld gjerne arkiv og bibliotek. I enkelte bedrifter kan dette vere ein del av resepsjonen.
Økonomiavdelinga jobbar med både kundar og tilsette. Internt kan dei hjelpe med til dømes budsjett, priskalkylar, løn, reiserekningar, rekneskap og vurdering av pristilbod.
Personalavdelinga hjelper gjerne til ved tilsetjingar. Det kan vere stillingsutlysingar, jobbintervju og kontroll av referansar. Dei kan òg ha ansvar for tilrettelegging av både det fysiske og det psykiske arbeidsmiljøet ved arbeidsplassen. Dette kan til dømes vere å bidra til personalutvikling, som opplæring og kompetanseheving.