Hopp til innhald
Øving

Samansette verb i presens

Samansette verb er verb som består av to delar: eit prefiks (ei forstaving) og eit verb. Verbet "undersøke" for eksempel er sett saman av prefikset "under" og verbet "søke". Lær om samansette verb i tysk.

Samansette verb

Samansette verb består av eit prefiks (ei forstaving) og eit verb. Vi har samansette verb i både norsk og tysk.

  • under + søke = undersøke

  • unter + suchen = untersuchen

Samansette verb er anten fast samansette eller laust samansette:

  • untersuchen: ich untersuche (fast samansett)

  • aufstehen: ich stehe auf (laust samansett)

Fast samansette verb

Med fast samansett meiner vi at prefiks (forstaving) og verb alltid blir skrivne som eitt ord. Trykket ligg alltid på verbet:

  • Komm mich besuchen!

  • Ich erzähle eine Geschichte.

Verb med desse prefiksa er alltid fast samansette:

Prefiks

be-

be + suchen

besuchen

besøke

ge-

ge + winnen

gewinnen

vinne

emp-

emp + fehlen

empfehlen

tilrå, anbefale

ent-

ent + kommen

entkommen

sleppe unna

er-

er + zählen

erzählen

fortelje

ver-

ver + stehen

verstehen

forstå

zer-

zer + reißen

zerreißen

rive sund

miss-

miss + verstehen

missverstehen

misforstå

Laust samansette verb

Laust samansette verb kan splittast i to ord. Trykket ligg alltid på prefikset, aldri på verbet:

  • Du musst aufwachen.

  • Ich komme mit.

Nokre vanlege prefiks som dannar lause samansettingar:

Prefiks

auf-

auf + stehen

aufstehen

stå opp

aus-

aus + packen

auspacken

pakke ut

an-

an + fangen

anfangen

begynne

ein-

ein + schlafen

einschlafen

sovne

los-

los + gehen

losgehen

dra av garde

mit-

mit + kommen

mitkommen

bli med

zu-

zu + machen

zumachen

lukke igjen

zurück-

zurück + kommen

zurückkommen

komme tilbake

weg-

weg + reisen

wegreisen

reise bort

Laust samansette verb i heilsetningar

I heilsetningar skriv vi laust samansette verb som to ord. Prefikset står heilt sist i setninga:

  • Die Schule fängt um neun Uhr an. Skulen begynner klokka ni.

  • Kommst du morgen mit? Blir du med i morgon?

  • Leon wacht immer früh auf. Leon vaknar alltid tidleg.

  • Er geht um acht Uhr los. Han drar av garde klokka åtte.

  • Rufst du mich später an? Ringer du meg seinare?

Lukkar du igjen vindauget, er du snill?

Øving 1: Laust samansette verb

Øving 2: Rett plassering av prefiks og verb

Øving 3: Lag setninger.

Laust samansette verb i setningar med modalverb

Dersom det er eit modalverb i setninga, står det samansette verbet i infinitiv og heilt sist i setninga. Inifinitivsforma av laust samansette verb skriv vi alltid som eitt ord i tysk.

  • Marion muss früh aufstehen. Marion må stå opp tidleg.

  • Wir müssen mit den Hausaufgaben anfangen. Vi må begynne på leksene.

Øving 4: Rett plassering av prefiks og verb

Øving 5: Gjer om til setningar med modalverb

Øving 6: Fleire laust samansette verb

Øving 7: können, müssen og dürfen

Jobb gjerne i par: A les setninga høgt og omset ho til norsk, B lagar ei setning med modalt hjelpeverb, seier setninga høgt og omset igjen. Så byter de roller etter kvart kort.

Laust sammensatte verb i leddsetninger

I leddsetningar skriv vi laust samansette verb som eitt ord. Det bøygde verbet står som vanleg heilt til slutt i leddsetningar:

  • Er sagt, dass der Unterricht um acht Uhr anfängt. Han seier at undervisninga begynner klokka åtte.

  • Lena will wissen, ob du morgen mitkommst. Lena vil vite om du blir med i morgon.

Når leddsetninga inneheld eit modalt hjelpeverb, er det hjelpeverbet som er bøygd. Det må derfor stå sist. Hovdverbet står rett foran:

  • Paul sagt, dass er mitkommen will. Paul seier at han vil bli med.

  • Ich bin sauer, weil ich so früh aufstehen muss. Eg er sur fordi eg må stå opp så tidleg.

Øving 8: Leddsetningar med laust samansette verb

Øving 9: Laust samansette verb og modalverb

Jobb gjerne i par og høyr kvarandre!

Imperativ av laust samansette verb

Imperativforma (bydeform) av laust samansette verb skriv vi alltid som to ord. Prefikset står sist i setninga:

  • Ruf mich morgen an! Ring meg i morgon!

  • Kinder, macht die Fenster auf! Barn, lukk opp vindauga!

  • Kommen Sie bitte mit! Bli med meg, er De snill!

Øving 10: Laust samansette verb i imperativ

Øving 11: Fleire laust samansette verb

Øving 12: Frå kommando til høfleg oppfordring

På tysk kan vi bruke infinitiv til å uttrykke ei skarp befaling: Aufstehen! Weitergehen! Stå opp! Fortsett å gå! No skal du gjere om slike kommandoar til høflege oppfordringar.

Øving 13: Oppsummering

Øving 14: Forklar reglane ved hjelp av eksempel.

  1. Ta utgangspunkt i regelsetningane i øving 13. Noter eksempel til kvar enkelt av dei fjorten regelsetningane. Dess fleire eksempel du gir, dess betre!
  2. Jobb i par. Samanlikn eksempla dykkar og sjekk at dei følger reglane.
  3. Byt partnar. Forklar reglane til ein medelev ved hjelp av eksempla dine.

Gratulerer! No kan du reglane godt!

CC BY-SA 4.0Skrive av Anna Maria Holvik.
Sist fagleg oppdatert 10.12.2019