Modale hjelpeverb i presens
Verb som können, müssen og wollen er modale hjelpeverb. Modale hjelpeverb signaliserer kva haldning vi har til det som skjer. Dei står som regel saman med eit hovudverb i infinitiv:
- Ich muss lernen. Eg må lese lekser.
- Du kannst schwimmen. Du kan svømme.
Modalt hjelpeverb og hovudverb utgjer til saman verbalet i setninga. Vi seier at verbalet er samansett. Hjelpeverbet er bøygd, medan infinitiven er ei ubøygd (infinitt) verbform.
I tyske heilsetningar med modalt hjelpeverb står infinitiven alltid sist:
- Musst du heute arbeiten? Må du jobbe i dag?
- Du kannst jetzt nach Hause gehen. Du kan gå heim no.
Bortsett frå sollen har alle modale hjelpeverba i tysk vokalskifte frå eintal til fleirtal i presens.
| können | müssen | sollen | wollen | dürfen | mögen |
---|---|---|---|---|---|---|
ich | kann | muss | soll | will | darf | mag |
du | kannst | musst | sollst | willst | darfst | magst |
er, sie, es | kann | muss | soll | will | darf | mag |
wir | können | müssen | sollen | wollen | dürfen | mögen |
ihr | könnt | müsst | sollt | wollt | dürft | mögt |
sie/Sie | können | müssen | sollen | wollen | dürfen | mögen |
Dei modale hjelpeverba kan ha fleire ulike tydingar. Ofte vil eit modalt hjelpeverb uttrykke det same på tysk som på norsk, men det finst også nokre ulikskapar som du må vere merksam på. Vi ser først på können, müssen og dürfen.
können | ||
---|---|---|
Kannst du schwimmen? | Kan du svømme? | evne, ferdigheit |
Können wir eine Pause machen? | Kan vi ta ein pause? | tillating, oppfordring |
Wo kann man hier einen Kaffee trinken? | Kvar kan ein drikke kaffi her? | moglegheit |
Das kann stimmen. | Det kan stemme. | antaking |
müssen | ||
---|---|---|
Ihr müsst dieses Problem lösen. | De må løyse dette problemet. | plikt, krav, befaling |
Ich muss für die Prüfung lernen. | Eg må øve til prøva. | plikt |
Dieses Haus muss neu sein. | Dette huset må vere nytt. | antaking |
Du musst nicht aufessen. | Du treng ikkje spise opp. | med nekting: å sleppe ei plikt |
dürfen | ||
---|---|---|
Die Kinder dürfen Computerspiele spielen. | Barna får lov til å spele dataspel. | tillating |
Ich darf nicht mitkommen. | Eg får ikkje lov til å bli med. | med nekting: forbod |
Sollen og wollen omset vi til vanleg med skulle og ville.
Men det finst eit viktig unntak. På norsk kan vi bruke skal og vil for å uttrykke noko framtidig: Eg skal/vil dra til Tyskland neste sommar. Det kan vi ikkje på tysk. Der uttrykker wollen eit ønske og sollen ei oppfordring eller befaling. Sagt på fagspråket: Dei er alltid modale hjelpeverb i tysk, ikkje tidshjelpeverb.
På tysk bruker vi hjelpeverbet werden for å uttrykke framtid: Ich werde nächstes Jahr nach Deutschland fahren. (Vi kan også heilt enkelt bruke presens: Ich fahre nächstes Jahr nach Deutschland.)
Her gjer elevar med norsk som morsmål ofte feil. Derfor er det lurt å sjå litt ekstra nøye på wollen og sollen (og werden).
wollen | ||
---|---|---|
Ich will ins Konzert gehen. | Eg vil gå på konsert. | tydeleg ønske eller krav overfor andre |
Sie wollen nach Wien fahren. | Dei vil dra til Wien. | ønske, plan, formål |
Ich will nach Hause. | Eg vil heim. | sterkt ønske |
sollen | ||
---|---|---|
Mein Lehrer sagt, ich soll mehr Bücher lesen. | Læraren min seier eg bør lese fleire bøker. | råd, anbefaling |
Vater sagt, du sollst sofort kommen! | Far seier at du skal/må komme med éin gong! | befaling |
Sollen wir gehen? | Skal vi gå? | oppfordring |
Soll ich dir einen Tee machen? | Skal eg lage te til deg? | forslag |
Er soll reich sein. | Han skal vere rik. Dei seier at han er rik. | antaking |
Modalverbet mögen kan vi bruke til å uttrykke undring, ei antaking eller ei (ofte motvillig) vedgåing:
- Was mag das bedeuten? Kva kan dette tyde?
- Das mag stimmen, aber ... Det kan stemme, men ...
Er du litt meir positivt innstilt overfor den som meiner noko anna enn deg sjølv, seier du heller: Das kann stimmen.
Vi bruker mögen som hovudverb for å seie at vi liker eller ikkje liker noko(n):
- Ich mag dich (nicht). Eg liker deg (ikkje).
"Eg liker å ..."
Når vi snakkar om noko vi liker eller ikkje liker å gjere, bruker vi på tysk helst uttrykksmåten med "gern(e)": Ich tanze (nicht) gern. Eg liker (ikkje) å danse.
Det er ikkje feil å si: Ich mag (nicht) tanzen. Eg har (ikkje) lyst til å danse no. Men då tenker vi ofte på situasjonen her og no: Det er akkurat no du (ikkje) har lyst til å danse. Ich tanze (nicht) gern derimot er alltid ei generell utsegn som gjeld uavhengig av situasjonen.
Möcht-
For å be eller spørje om noko på ein höfleg måte, bruker vi formen möcht-: Ich möchte gern eine Tageskarte, bitte. Möchtest du auch ein Eis?
Möcht- bøyer vi slik: ich möchte, du möchtest, er/sie/es möchte, wir möchten, ihr möchtet, sie/Sie möchten.
For språknerdane: Möchte er såkalla konjunktiv preteritum (konjunktiv 2) av verbet mögen. På engelsk ville vi her brukt would: Would you like to dance?
mögen / möchte | ||
---|---|---|
Das mag stimmen, | Det kan stemme, (men ...) | (motvillig) vedgåing |
Ich mag dich sehr gern. | Eg liker deg veldig godt. | hovudverb: å like eller ikkje like noko(n) |
Er mag keinen Sport. | Han liker ikkje idrett. | hovudverb: å like eller ikkje like noko(n) |
Ich möchte gern eine Apfelschorle, bitte. | Eg vil gjerne ha eit glass eplejus med Farris, takk. | høfleg ønske (heilt vanleg høflegheit!) |
Möchtest du tanzen? | Har du lyst til å danse? | høfleg spørsmål (heilt vanleg høflegheit!) |
Omsett setningane til tysk og kontroller svara dine.
Wissen er eit hovudverb, men det blir bøygd på same måten som dei modale hjelpeverba.
- Das weiß ich nicht. Det veit eg ikkje.
- Wisst ihr, wie spät es ist? Veit de kva klokka er?
Bøying
ich weiß, du weißt, er/sie/es weiß, wir wissen, ihr wisst, sie/Sie wissen
Hugs at hjelpeverbet skal bøyast, og at hovudverbet skal stå heilt til slutt.