Hopp til innhald
Øving

Presens av regelrette verb

Lær korleis du bøyer regelrette tyske verb i presens.

Bruk av presens

Presensforma av verbet bruker vi når vi snakkar om noko vi gjer, eller noko som skjer no.

  • Die Kinder lesen das Buch. Barna les boka.
  • Jetzt kommen Mari und Line! No kjem Mari og Line!

Presens kan også uttrykke noko allmenngyldig, eller noko som gjentar seg.

  • Die Schule beginnt um acht Uhr. Skulen begynner klokka åtte.
  • Die Sonne scheint. Sola skin.

Regelrette verb

Vi dannar presens ved å legge ulike personendingar til verbstammen. Desse personendingane må du lære deg.

1. person

ich

hör-e

eg høyrer

2. person

du

hör-st

du høyrer

3. person

er/sie/es

hör-t

han/ho/det høyrer

1. person

wir

hör-en

vi høyrer

2. person

ihr

hör-t

de høyrer

3. person

sie/Sie

hör-en

dei høyrer

Øving 1: Presensbøying

Øving 2: Presensbøying

Øving 3: Presensbøying

Øving 4: Presensbøying

Verb med stamme som endar på -d eller -t

Dersom stammen av verbet endar på -d eller -t, legg vi til vokalen -e framfor personendingane -st og -t:

  • Arbeitest du? (arbeit-en) Jobbar du?
  • Er badet. (bad-en) Han badar.

Det same gjeld nokre få verb med stamme som endar på fleire konsonantar:

  • Zeichnest du gern? (zeichn-en) Liker du å teikne?
  • Es regnet. (regn-en) Det regner.
  • Ihr rechnet falsch. (rechn-en) De reknar feil.

arbeit-en

bad-en

zeichn-en

1. person

ich

arbeit-e

bad-e

zeichn-e

2. person

du

arbeit-est

bad-est

zeichn-est

3. person

er/sie/es

arbeit-et

bad-et

zeichn-et

1. person

wir

arbeit-en

bad-en

zeichn-en

2. person

ihr

arbeit-et

bad-et

zeichn-et

3. person

sie/Sie

arbeit-en

bad-en

zeichn-en

Øving 5: Noko å lure på!

Kvifor får vi ein ekstra e framfor personendingane -st og -t i verb som baden, arbeiten, regnen og zeichnen?

  1. Det ser ikkje så bra ut med fleire konsonantar etter kvarandre.
  2. Det er mange unntak i tysk grammatikk som ein ikkje heilt kan forklare. Dette er eit slikt tilfelle.
  3. Det er vanskeleg å uttale fleire konsonantar etter kvarandre.
Svar

Det er vanskeleg å uttale fleire konsonantar etter kvarandre.

Verb med stamme som endar på s-lyd

Verb med stamme som endar på -s, -ß, -x eller -z får berre endinga -t (ikkje -st) i 2. person eintal: Tanzt du gern? Wie heißt du?

grüß-en

relax-en

hass-en

tanz-en

1. person

ich

grüß-e

relax-e

hass-e

tanz-e

2. person

du

grüß-t

relax-t

hass-t

tanz-t

3. person

er/sie/es

grüß-t

relax-t

hass-t

tanz-t

1. person

wir

grüß-en

relax-en

hass-en

tanz-en

2. person

ihr

grüß-t

relax-t

hass-t

tanz-t

3. person

sie/Sie

grüß-en

relax-en

hass-en

tanz-en

Øving 6: Regelrette verb med ein liten twist

CC BY-SA 4.0Skrive av Anna Maria Holvik.
Sist fagleg oppdatert 03.12.2019