Hopp til innhald
Øving

Verba haben, sein og werden i presens

Verba haben (å ha), sein (å vere) og werden (å bli) har litt spesiell bøying. Desse tre verba må du kunne godt, for dei er svært mykje brukte, både som hovudverb og som hjelpeverb. Du må også lære deg tydingsforskjellen mellom verba werden og bleiben, som begge kan omsettast til norsk med "å bli".
oversikt over presensformene

Person og tal

Pronomen

haben (å ha)

sein (å vere)

werden (å bli)

1. person eintal

ich

habe

bin

werde

2. person eintal

du

hast

bist

wirst

3. person eintal

er, sie, es

hat

ist

wird

1. person fleirtal

wir

haben

sind

werden

2. person fleirtal

ihr

habt

seid

werdet

3. person fleirtal

sie, Sie

haben

sind

werden

Eksempel

  • Marcus hat eine neue Freundin. Marcus har ein ny kjæraste.

  • Oscar und Benny sind Freunde. Oscar og Benny er venner.

  • Im Winter wird es hier kalt. Om vinteren blir/vert det kaldt her.

Sein, haben og werden som hovudverb og hjelpeverb
  • Når sein, haben og werden er brukte som hjelpeverb, står dei saman med eit anna verb og hjelper til med å danne ulike verbtider, eller passiv form av verbet.

  • Når sein, haben og werden er hovudverb, fungerer dei aleine som verbal i setninga.

haben

  • Ich habe eine Katze. Eg har/eig ein katt. (hovudverb)

  • Ich habe Saxofon gespielt. Eg har spelt saksofon. (tidshjelpeverb; hovudverbet er gespielt)

sein

  • Ich bin Greta. Eg er Greta. (hovudverb)

  • Er ist nach Berlin gefahren. Han er dratt til Berlin. (tidshjelpeverb; hovudverbet er gefahren)

werden

  • Die Kinder werden groß. Barna blir/vert store. (hovudverb)

  • Das Auto wird repariert. Bilen blir/vert reparert. (passivdannande hjelpeverb; hovudverbet er repariert)

  • Ich werde in Berlin studieren. Eg kjem til å studere i Berlin. (tidshjelpeverb; hovudverbet er studieren)

Øving 1: Presens av haben, sein og werden

Werden eller bleiben?

Det norske verbet å bli har to ulike tydingar. Den eine tydinga er "å forbli den/der du er". Den andre tydinga er "å bli til noko anna, å endre seg". På tysk må vi her bruke to ulike verb.

Werden

  • Verbet werden uttrykker ei endring (engelsk: to become, to get):

  • Es wird dunkel. Det blir/vert mørkt. It is getting dark.

  • Er will Arzt werden. Han vil bli/verte lege. He wants to become a doctor.

Bleiben

Verbet bleiben uttrykker det motsette: inga endring (engelsk: to stay, to remain).

  • Sie bleibt in Oslo. Ho blir i Oslo. She'll stay in Oslo.

  • Wir bleiben zu Hause. Vi blir heime. We'll stay at home.

  • Er bleibt immer ruhig. Han er/forblir alltid roleg. He always stays calm.

Bøying av bleiben i presens

Person

Eintal

Fleirtal

1. person

ich bleibe

wir bleiben

2. person

du bleibst

ihr bleibt

3. person

er, sie, es bleibt

sie, Sie bleiben

Øving 2: Omsett

Korleis ville du omsett setninga nedanfor til norsk og engelsk? Prøv!

"Es wird sicher so heiß, dass wir nicht im Auto bleiben können."

Forslag til svar
  • Det blir/vert sikkert så varmt at vi ikkje kan bli (igjen) i bilen.
  • It will probably get so hot that we can't stay in the car.

Øving 3: Werden eller bleiben?

Vel rett verb. Sei dessutan heile setninga høgt, så får du øvd på nokre nyttige uttrykk i same slengen!

Øving 4: haben, sein og werden

  • Gjer denne øvinga munnleg, og jobb gjerne i par.
  • Elev A fullfører setninga og seier svaret høgt. Det er lov å kikke på tipset ved behov!
  • Elev B kontrollerer om A har svart rett. Er svaret feil, forklarer B verbbøyinga (person og tal).
  • Gå så vidare til neste glosekort og byt roller.
CC BY-SA 4.0Skrive av Anna Maria Holvik.
Sist fagleg oppdatert 19.12.2019